Ingen nye fisketiltak

Miljødirektoratet innfører ikkje nye reguleringar i laksefisket denne sesongen. Samtidig er situasjonen for villaksen framleis svært alvorleg.

Publisert 03.07.2025

– Det er veldig viktig at laksefisket er berekraftig og at vi ikkje overfiskar enkeltbestandar. Gjer vi det forsvinn villaksen. Eg er glad for at det ikkje er nødvendig med fleire innstrammingar i laksefisket denne sesongen. Det er framleis ein alvorleg situasjon for villaksen, men vi kan vere tryggare på at enkeltbestandar ikkje overfiskes, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Her kan du lese om status og tiltak for å ta vare på vill laksefisk: 

Tidleg innstramming gir rom for vidare fiske

Etter å ha innført historisk strenge reglar for laksefisket i vår, har Miljødirektoratet gjennomført ein midtveisevaluering av innsiget av laks så langt i sesongen. Direktoratet har med grunnlag i dette vedteke at det ikkje er behov for fleire innstrammingar denne sesongen. Samtidig understrekar direktoratet at krisa for norsk villaks langt frå er over.

– La det ikkje vere nokon tvil: Villaksen er framleis i krise. 2024 var eit historisk botnpunkt, og det er framleis langt igjen før vi kan seie at villaksen er trygg. Skal kommande generasjonar få oppleve villaks i norske elvar, må vi forvalte med ansvar. Sesongen i år ser førebels betre ut enn i fjor, og sidan vi stramma inn tidleg, kan laksefisket halde fram, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Les meir om innføringa av dei strenge reglane her: 

Vurderer lakseinnsiget kvar sommar

I vår vart det innført dei strengaste reglane for laksefiske nokosinne både i elv og sjø. Laksefisket vart i mange elvar opna forsiktig, med moglegheit for å opne for større fiskekvotar eller lengre fisketid. Sjølaksefiske er no tillate berre nokre få stader i landet, og i dei fleste regionar der det er tillate, har mesteparten av den største laksen allereie sumt forbi når fiska startar.

Midtvegs i laksesesongen pleier Miljødirektoratet å gjere ei vurdering av korleis innsiget avvillaksen  ser ut, og om det må gjerast endringar i reglane for inneverande sesong. Vurderinga byggjer mellom anna på eit notat frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), som følgjer utviklinga gjennom fangststatistikk og fisketeljingar i elvar og fjordar. Dersom innsiget av laks er 50 prosent lågare enn venta, kan direktoratet innføre ekstra avgrensingar i fisket, både i elv og sjø.

Årets samanstilling viser at innsiget av laks er svakt, men ikkje svakt nok til at Miljødirektoratet vil innføre nye nasjonale tiltak.

  Sjå heile notatet her:    

Litt betre enn i fjor

Sammenstillingen frå NINA viser at det førebels har komme få mellom- og storlaks, særleg i Sør- og Midt-Noreg. Samanlikna med botnåret 2024 er situasjonen noko betre, men framleis langt under normalen. I Nord-Noreg er det framleis tidleg i sesongen, og resultata varierer.

– Sjølv om sesongen så langt i år ser betre ut enn i fjor, er det viktig å hugse at 2024 var  det dårlegastelakseåret i historia, seier Singsaas.

Elveeigarlag og fiskarar må ta ansvar

Miljødirektoratet understrekar at elveeigarlaga må følgje opp med nødvendige tiltak gjennom sine eigne midtsesongevalueringar. Også fiskarar i både elv og sjø blir bedne vise måtehald.

– Elveeigarlag og fiskarar må halde fram med å ta ansvar for å verne villaksen. Det er heilt avgjerande at alle er ansvarsmedvitne og unngår å auke skattlegginga der det ikkje er rom for det, understrekar Singsaas.

Les meir om fiskereglane her: