Pukkellaksetoppen er kanskje ikkje nådd
I 2025 har meir enn 2 300 atlantiske laksar sloppe forbi fiskefellene og 51 342 pukkellaksar er tekne ut. Mest sannsynleg er det mange fleire i vente.
– Pukkellaksen er ein stor risiko for villaksen i elvane våre. Dersom det ikkje blir sett inn effektive tiltak, er det også fare for at han spreier seg til elvar lengre sør i Noreg, og vidare til andre land i Europa. Det er gledeleg å sjå at den store og omfattande innsatsen som fagfolk og frivillige har gjort for å stanse innsiget av pukkellaks, har så god effekt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Målet for den store innsatsen i elvane er å ta ut så mykje pukkellaksar som mogleg, samtidig som vi tek vare på individa av atlantisk laks som er i desse vassdraga. Så langt i 2025 har vi sleppt meir enn 2 300 atlantiske laksar forbi fellene og teke ut 51 342 pukkellaksar. Jobben som blir gjord i elvane no er svært viktig for å sikre levevilkåra for atlantisk laks, seier fungerande direktør for Miljødirektoratet Tone Lise Alstad Eid.
Kan vente høg førekomst i starten av august
Talet på fanga pukkellaksar har vore nokolunde jamt den siste veka med 2 943 i snitt per dag. Den førebelse toppen var 13. juli då det vart fanga 8 336 pukkellaksar.
– Får vi den same utviklinga i pukkellakseinnsiget som i 2023, kan vi forvente ein ny topp i starten av august. Vi er godt førebudde for ei slik utvikling, seier fungerande miljødirektør Tone Lise Alstad Eid.
Følg fangsten frå dag til dag
Så langt er totalt 51 342 pukkellaksar fanga i elvane, hovudsakleg ved bruk av fiskefeller. Mesteparten av pukkellaksen blir fanga i Finnmark. 17 209 pukkellaksar er tekne ut i Tanaelva, som blir rekna som ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Veterinærinstituttet driftar fella i Tanaelva på oppdrag frå Miljødirektoratet. Førebels er det små førekomstar av pukkellaks elles i landet.
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg nettsiden sin med nyheiter om pukkellaksefangsten i omtrent 60 andre elvar som dei har ansvaret for.
På Miljødirektoratets temaside om pukkellaks kan ein følgje pukkellaksefangsten frå dag til dag:
Kom 580 000 pukkellaksar ved førre invasjon
Ved førre pukkellakseinvasjon i 2023 registrerte Norsk institutt for naturforsking (NINA) nesten 580 000 pukkellaksar i norske elvar og kystområde. Av desse kom 97 prosent til Finnmark. Rundt 250 000 pukkellaksar vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellaksesesongen i år.