Sterk auke i talet på pukkellaksar i norske elvar
Ny topp i talet på pukkellaksar. Så langt har over 94 000 av den uønskte arten vorte fanga.
– Pukkellaksen kjem no i stort tal, akkurat som vi venta. Dette er ein framand art som truar naturen vår og det er derfor fint å sjå at så mange pukkellaksar blir stoppa. Tanaelva er ei av dei viktigaste lakseelvane i verda, og det er derfor avgjerande at den atlantiske villaksen slepp forbi. Både fagfolk og frivillige gjer ein kjempeinnsats, og dei held fram det gode arbeidet i august, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Måndag denne veka såg vi ein markant auke i talet på fanga pukkellaksar med 9 609, og den førebelse toppen så langt kom tysdag med 11 563 pukkellaksar fanga. Sett opp mot tala frå 2023 er denne auken forventa. No blir det for fullt jobba i elvane for å bevare den atlantiske laksen, seier fungerande miljødirektør Tone Lise Alstad Eid.
Målet er å bevare den atlantiske laksen
– For å bevare den atlantiske laksen må pukkellaksen nedkjempast i elvane og samtidig er det viktig å sørgje for at den atlantiske laksen og andre lokale artar kjem seg forbi fella. Derfor er det ei glede å sjå at 950 atlantiske laksar vart sleppte opp berre i Tanaelva denne veka, legg Alstad Eid til.
24 850 pukkellaksar er tekne ut i Tanaelva så langt i år. Veterinærinstituttet driftar fella i Tanaelva på oppdrag frå Miljødirektoratet. Veterinærinstituttet får hjelp av Norsk institutt for naturforsking (NINA), Mohn Tecnology og det finske naturressursinstituttet, Luke, i ei omfattande overvaking av villaksen i området ovanfor og nedanfor fella ved Seida i Tana. Overvakinga gir viktig informasjon for å vurdere behov for ekstra tiltak for å sleppe forbi villaks, som står nedanfor fella.
Følg fangsten frå dag til dag
Så langt er totalt 94 475 pukkellaksar fanga i elvane, hovudsakleg ved bruk av fiskefeller. Mesteparten av pukkellaksen blir fanga i Finnmark.
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg nettsiden sin med nyheiter om pukkellaksefangsten i omtrent 60 andre elvar som dei har ansvaret for.
På Miljødirektoratets temaside om pukkellaks kan ein følgje pukkellaksefangsten frå dag til dag:
Kom 580 000 pukkellaksar ved førre invasjon
Ved førre pukkellakseinvasjon i 2023 registrerte Norsk institutt for naturforsking (NINA) nesten 580 000 pukkellaksar i norske elvar og kystområde. Av desse kom 97 prosent til Finnmark. Rundt 250 000 pukkellaksar vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellaksesesongen i år.