Desse kommunane tek grep for naturmangfaldet
44 prosent av kommunane i Noreg har ein plan for å ta vare på naturmangfaldet – anten under arbeid eller ferdigstilt. Sjå kartet her.
– Vi må bremse nedbygginga og ta vare på naturen vi har i Noreg. Her er kommunane heilt sentrale. Tilskot gjennom Natursats har vore ei viktig satsing for Arbeiderparti-regjeringa, og eg er glad for at ho gjer at snart halvparten av kommunane no har ein plan for å ta vare på naturen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Til saman 158 kommunar lagar eller har laga ein kommunedelplan for naturmangfald. 152 av dei har fått støtte frå Miljødirektoratet til arbeidet.
Sjå kart over alle kommunane som er i gang eller ferdig med planen, inkludert dei som får støtte i 2025:
Opne kartet i eige vindauge her.
Ein kommunedelplan for naturmangfald er ein plan der kommunane identifiserer og får oversikt over naturverdiar i kommunen sin. Dette gir kommunane eit betre kunnskapsgrunnlag for å ta vare naturen når dei planlegg kva areala i kommunen skal brukast til.
Fleire kommunar får støtte i 2025
I 2025 har Miljødirektoratet gitt støtte til 32 kommunar som har søkt om tilskot til å lage kommunedelplan for naturmangfald. Her er kommunane, som får tilskudd på kr 400 000:
- Agder: Grimstad, Tvedestrand
- Akershus: Gjerdrum, Jevnaker, Nittedal
- Buskerud: Lier, Nore og Uvdal, Rollag
- Finnmark: Loppa
- Innlandet: Nord-Aurdal, Øystre Slidre
- Møre og Romsdal: Averøy, Herøy, Rauma
- Nordland: Beiarn, Hadsel, Rødøy, Sortland / Suorttá Souhkan
- Rogaland: Klepp, Kvitsøy, Suldal
- Telemark: Tokke, Vinje
- Troms: Kvænangen, Lyngen
- Trøndelag: Frøya, Åfjord
- Vestland: Bjørnafjorden, Stad, Stryn, Sveio, Ulvik Herad
I tillegg gir Miljødirektoratet tilskot til å revidere tidlegare vedtekne kommunedelplanar for naturmangfald:
- Fredrikstad kommune: kr 250 000
- Nannestad kommune: kr 250 000
- Agder fylkeskommune: kr 2 000 000
43 kommunar får støtte til å gå gjennom eldre arealplanar for å vareta naturmangfald, såkalla planvask.
– Det er gledeleg å sjå at stadig fleire kommunar tek grep for å bevare naturen sin – det viser at vi er på rett veg. Det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg, er nettopp å unngå å byggje i verdifull natur, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Å bevare naturområde bidreg også til å redusere klimagassutslepp, fordi karbon blir mellom anna lagra i jord, skog og myr. Samtidig styrkar det evna naturen har til å dempe konsekvensane av klimaendringar, som flaum og tørke.
Natursats gir totalt 107 millionar til kommunane
Støtta til kommunane blir delt ut gjennom tilskotsordninga Natursats.
Natursats skal bidra til at kommunar og fylkeskommunar kan gjennomføre tiltak og innhente kunnskap som grunnlag for å ta vare på naturmangfaldet.
Dei 41 millionane som no blir delte ut, kjem i tillegg til 70 millionar som vart delt ut i april for å gjennomføre ulike lokale tiltak for å betre tilstanden til naturmangfaldet i kommunen.
Les også: