Fleire og betre feller skal stoppe pukkellaksen
Pukkellaksen skal stoppast i over 60 nordnorske elvar i sommar. Dobbelt så mange elvar får statleg finansierte feller og tiltak som for to år sidan.
– Vi har eit ansvar for å stanse pukkellaks frå å etablere seg i norske elvar, og for å forhindre at han spreier seg vidare til andre land. Vi har styrkt innsatsen endå meir sidan førre pukkellaksesesong, og i år blir det planlagt feller i dobbelt så mange elvar som i 2023. Arbeidet gjennom sommaren vil bli krevjande, særleg for alle som står på i elvane, dag og natt. Samtidig har eg tru på at vi saman vil klare å stanse pukkellaksen frå å spreie seg vidare, slik at vi kan gi både villaksen og naturmangfaldet i elvane våre betre vern, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Dei fleste statleg finansierte fellene var effektive under pukkellaksinvasjonen i 2023, og lokale frivillige stoppa opp mot hundre prosent av pukkellaksen i mange av elvane. No vil vi bruke erfaringane frå 2023 til å gjere tiltaka under årets invasjon endå meir effektive, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Pukkellaksen kjem til norske elvar annakvart år, og i år er det forventa store mengder i Nord-Noreg. I 2023 finansierte staten tiltak mot pukkellaks frå Sør-Varanger til Hammerfest. I år blir tiltaka utvida til å også dekkje Vest-Finnmark og store delar av Troms.
Statleg innsats i dobbelt så mange elvar
Lokale foreiningar, Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Troms og Finnmark med samarbeidspartnarar har brukt dei to siste åra til å førebu seg på å stoppe mest mogleg av pukkellaksen med feller og anna utstyr.
– Staten fullfinansierte i 2023 tiltak i rundt 30 ekstra utsette elvar. I år dekkjer staten utstyr og bemanning i 63 elvar. Det er også planlagt mange lokale initiativ, som er veldig viktige for å stoppe invasjonen, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Av dei 63 elvane der staten bidreg får 53 elvar fiskefeller. I sju elvar skal pukkellaksen fjernast med nót, og i tre elvar skal han stoppast og sorterast ut i fisketrapper.
Veit ikkje kor mykje som kjem
Det er først i dei seinare åra at pukkellaksen har komme i stort tal til elvane i Nord-Noreg. Totalt vart det for to år sidan fanga eller observert nesten ein halv million pukkellaksar. Erfaringar frå andre delar av verda viser at mengda som kjem til elvane kan svinge mykje og vere uføreseielege.
– Pukkellaksen som kjem i år stammar truleg frå elvar der vi ikkje fekk stoppa oppgangen i 2023. Vi vil i sommar setje ut feller i nye elvar og forbetre uttaket i elvane som allereie har feller. Vi meiner vi er godt førebudde, men det er ein stor og kompleks operasjon, seier seksjonsleiar Anders Tandberg hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.
Han peikar på at naturgitte forhold, som regn og flaum, kan gjere det vanskeleg å halde fellene intakte, medan snøsmelting og vårflaum kan hindre montering av fellene.
Slik skal vi lykkast betre i dei store elvane
Evalueringa etter 2023 viser at det er nødvendig å få betre resultat i dei største elvane.
I Tana kom mesteparten av pukkellaksen seg opp i elva i 2023. I år set Miljødirektoratet og samarbeidspartnarane opp ei ny og forbetra felle, på ein anteke betre eigna stad, og håpar å lykkast med å fange meir pukkellaks enn ved førre invasjon i 2023.
I Reisaelva i Troms vart det ikkje bygget felle i 2023, noko som førte til at om lag 10 000 pukkellaksar sumde opp og formeira seg . Reisa elvelag har teke på seg oppgåva med å stoppe pukkellaksen, og er med midlar frå statsforvaltaren i gang med å byggje den største flyteristfella som til no er brukt i Noreg. Fella er omtrent 100 meter brei.
I Neiden skal det monterast eit nytt fangstbur på toppen av laksetrappa, og det blir notuttak nedanfor Skoltefossen.
I Altaelva skal Alta laksefiskeri interessentskap (ALI) fjerne pukkellaksar med nót. Nóta fangar fisken levande, slik at det blir lettare å berge livet til den atlantiske laksen som hamnar i nóta saman med pukkellaksen.
Testar kunstig intelligens
Laksen vil sorterast manuelt ved dei aller fleste pukkellaksefellene. I fellene ved Repparfjordelva, Vestre Jakobselv og Skallelva skal det testast prototypar på maskiner, som ved hjelp av kunstig intelligens prøver å sortere ut pukkellaksen frå atlantisk laks og annan fisk automatisk.
– Kunstig intelligens-systema som vi testar ut i tre pukkellaksefeller, baserer seg på biletgjenkjenning for å avgjere om fisken er pukkellaks eller annan fisk, og dermed om fisken skal få sleppe forbi fella eller ikkje. Viss teknologien fungerer, vil det bli aktuelt å bruke slike system i mange elvar i 2027, seier Anders Tandberg hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.