Alvorlege avvik hos Equinor Njord ved oljeutslepp

Miljødirektoratets tilsyn avdekte alvorlege avvik etter oljeforureining frå Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaftan.

Publisert 08.05.2025

Equinor hadde 31. desember 2024 eit utilsikta utslepp av råolje til sjøen frå plattforma Njord A. Det tok over to timar frå utsleppet starta til det vart avdekt.

– Vi meiner det tok for lang tid før Equinor oppdaga utsleppet frå Njord-plattforma på nyttårsaftan og at oppfølginga av forureininga til Norskehavet vart avslutta for tidleg, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet avdekte på tilsyn fire avvik hos Equinor

  • Avvik 1: Equinor Njord hadde eit større oljeutslepp 31. desember 2024.
  • Avvik 2: Equinors beredskapsrespons etter utsleppet var mangelfull.
  • Avvik 3: Beredskapsplanen for oljevern var ikkje tilpassa rett oljetype.
  • Avvik 4: Det har vore overskridingar av oljekonsentrasjon i produsert vatn som vart sleppt til sjøen.

Miljødirektoratet ser alvorleg på avvika. Equinor Njord må innan 30. juni sende oss ei skriftleg tilbakemelding som viser korleis dei er følgt opp.

Betre oppfølging kunne hindra forureining på land

Miljødirektoratet meiner det var mogleg for verksemda å føreseie at olja kunne no land, basert på tilgjengeleg informasjon og drivbaneberekningar. Vi konstaterer at manglande internkommunikasjon om eigenskapane til olja som vart sleppt ut, gjorde at beredskapsresponsen vart avslutta for tidleg.

– Etter vårt syn kunne grundigare oppfølging av den akutte hendinga bidrege til at funn av forureining langs kysten vesentleg tidlegare vart sett i samanheng med Njord-utsleppet. Dermed kunne Equinor komme raskare i gang med oppryddingsaksjonen, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Miljødirektoratet vil melde hendinga til politiet.