Foreslår å verne sju nye naturområde

Miljødirektoratet foreslår å verne viktige våtmarksområde, steppelandskap og sjøfuglområde i Rogaland, Innlandet og Trøndelag som naturreservat.

Publisert 12.05.2025

Les saken på bokmål her.

– Vi skal ta vare på det som gjer oss til Noreg. I låglandet finn vi natur som vi har verna lite av, og der det lever mange trua dyr og plantar. Eg er glad for forslaga om sju nye verneområde. Dette er område som mange er glade i, og eg og ser fram til å gå gjennom forslaga, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Vi har verna mange viktige fjellområde i Noreg, men mindre av den naturen der vi finn flest trua artar og naturtypar. Det nye verneforslaget skal bidra til å ta vare på eit meir representativt utval av norsk natur for framtida.

To nye naturreservat og fem utvidingar

 – Områda vi no foreslår å verne spenner frå bynær natur i Stavanger til tørre steppelandskap i Vågå og store område for sjøfugl i Trøndelag. Vern er blant dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre verdifulle naturområde mot framtidige inngrep, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.

I Rogaland foreslår  Miljødirektoratet å verne Mosvatnet, som er eit viktig naturområde midt i Stavanger. Trass i mykje bruk og busetnad på alle kantar, er dette eit viktig område for ei rekkje artar, og spesielt mange fugleartar.

I Trøndelag foreslår  Miljødirektoratet å utvide Sklinna naturreservat i Leka med over 10 000 dekar, slik at viktige sjøområde med botnformasjonar og tareskog blir bevarte for framtida. Denne utvidinga vil bidra til å sikre hekkeområde, rasteområde og område for næringssøk for ei lang rekkje raudlista sjøfuglartar. Direktoratet foreslår også å utvide Kaldvassmyra naturreservat i Verdal, slik at vi får  eit vern av heile myra som mellom anna har  førekomstar av rikmyr.

I Innlandet foreslår Miljødirektoratet å utvide Fokstumyra og Meløyfloen naturreservat, som har viktige våtmarker. I tillegg tilrår direktoratet å verne om dei svært sjeldne steppelavsartene i det spesielle steppelandskapet vi finn i Vågå. Slike område er det svært få av i Noreg – dei finst stort sett berre i øvre delar av Gudbrandsdalen.

Miljødirektoratets tilråding om nytt vern:

  • Mosvatnet naturreservat i Stavanger kommune, Rogaland (608 daa)
  • utviding av Fokstumyra naturreservat i Dovre kommune, Innlandet (531 daa)
  • utviding av Vistehorten naturreservat i Vågå kommune, Innlandet (35 daa)
  • Søre Åe naturreservat i Vågå kommune, Innlandet (154 daa)
  • utviding av Meløyfloen naturreservat i Folldal kommune, Innlandet (545 daa)
  • utviding av Kaldvassmyra naturreservat i Verdal kommune, Trøndelag (60 daa)
  • utviding av Sklinna naturreservat i Leka kommune, Trøndelag (10 260 daa)

Sjå tilrådinga her:

Kommunar og statsforvaltarar har delteke i prosessen

Miljødirektoratets tilråding kjem som eit svar på eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet om å greie ut nye område for vern, for å nå dei nasjonale måla om representativt vern, gjere verneområda meir robuste mot klimaendringar og auke samanhengen mellom dei.

Det er statsforvaltarane som har leidd arbeidet med å peike ut aktuelle område for vern, i samråd med kommunane.

Miljødirektoratet har sendt tilrådinga si til Klima- og miljødepartementet. Eit eventuelt vernevedtak blir gjort av Kongen i statsråd.

Les meir om prosessen for å verne eit meir representativt utval av norsk natur: