27,9 millionar til opprydding av marin forsøpling

Miljødirektoratet gir tilskot til 25 prosjekt som skal førebyggje og redusere plastforureining i havet.

Publisert 21.03.2025

– Søppel i havet er ei stor miljøutfordring som vi arbeider med å få bukt med både i Noreg og internasjonalt. Med denne ordninga støttar vi den frivillige innsatsen for å rydde havet og kysten vår. Eg er glad for at så mange ønskjer å vere med på å rydde opp og førebyggje marin forsøpling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Det vart søkt om over 89 millionar kroner i dei 47 søknadene som kom inn til Miljødirektoratet i søknadsrunden i år. Direktoratet har fordelt 27,9 millionar på 25 prosjekt som skal gjennomførast i 2025 og 2026.

– Plastforureining og marin forsøpling er eit alvorleg miljøproblem både globalt og lokalt. Derfor er eg glad for at vi kan støtte prosjekt som bidreg til å rydde kysten vår for plast, samtidig som dei har ein førebyggjande effekt mot framtidig forsøpling, seier direktør for Miljødirektoratet Hilde Singsaas.

Miljødirektoratet har, som i tidlegare år, prioritert å gi tilskot til store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale oppryddingstiltak. Med søknader til prosjekt over heile landet, har direktoratet også jobba for å sikre god geografisk fordeling av midlane.

Mobiliserer frivilligheita

Blant aktørane som har fått midlar er det spesielt mange friluftsråd. Desse speler ei viktig rolle i å leggje til rette for frivillig opprydding. Å inkludere lokalbefolkninga i opprydding er eit viktig haldningsskapande og dermed førebyggjande tiltak:

– I tillegg til å få fjerna plast frå naturen, er midlane viktige i det haldningsskapande arbeidet. Engasjementet for å forhindre forsøpling aukar når mange er ute og ryddar og ser korleis plast og anna avfall skader natur og dyreliv, seier direktør for Miljødirektoratet Hilde Singsaas.

Dette vart det rydda mest av

I 2024 vart det registrert at det vart rydda over 1800 tonn marin forsøpling i 7829 ryddeaksjonar. Tala inkluderer all registrert rydding, også den som ikkje har fått tilskot frå Miljødirektoratet. Miljødirektoratets ryddeverktøy Rent hav blir brukt for å samle inn nasjonale ryddedata. Tala viser at etter uidentifiserte plastbitar vart det registrert rydda mest sigarettsneipar, med isopor på tredjeplass.

Topp 5 rydda i 2024

  1. Uidentifiserte plastbitar under 50 cm – 38 150
  2. Sigarettsneipar – 20 312
  3. Isopor under 5 cm – 17939
  4. Fiskekrokar – 14 597
  5. Tau under 50 cm - 13 850
  6. Snusposar – 13 796