Øydelagt natur skal reparerast 50 nye stader

Miljødirektoratet deler i år ut 21,5 millionar kroner i tilskot til å reparere natur, som øydelagde bekker, myrar og kulturlandskap.

Publisert 27.03.2025

– Vi har alltid levd av og med naturen i Noreg. Den skal vi ta vare på, og vi skal restaurere natur som er øydelagd. Å restaurere natur krev både kompetanse og tid. Det er svært oppmuntrande at så mange vil bidra i dette viktige arbeidet, og at både kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og privatpersonar har søkt om pengar frå tilskotsordninga til regjeringa for restaurering av natur, seier klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen.

– Gjennom å tildele midlar til naturrestaurering bidreg vi til å forbetre tilstanden i naturen og bevare mangfaldet av artar og naturtypar i Noreg. Det er ikkje lenger nok å verne naturen, vi må også restaurere det vi har øydelagt, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.

 Miljødirektoratet tildeler i år 21,5 millionar  kroner til restaurering av natur over denne tilskotsordninga, noko som er meir enn det dobbelte av i fjor. Dette er mogleggjort etter ein stor auke av midlar til dette formålet i statsbudsjettet for 2025.

– Kunnskapen om og engasjementet for naturrestaurering er sterkt aukande. Miljødirektoratet vil arbeide for å gjere ordninga meir kjent slik at vi får endå fleire gode søknader neste runde, seier miljødirektør Singsaas.

Desse får støtte

I år gir vi mellom anna støtte til opning av bekker, restaurering av flaumsletter fleire stader i Noreg og restaurering av open grunnlendt kalkmark ved Oslofjorden.

Vidare eit det gitt midlar til å restaurere myr i Finnmark og på Vestlandet, til å fjerne framande treslag og til å rydde beite- og slåttemark før vidare skjøtsel.

Fylkeskommunar kan også søkje

Frå og med i år fekk også fylkeskommunar høve til å søkje midlar.

Miljødirektoratet fekk i år 78 søknader. 50 % av desse kom frå kommunar og fylkeskommunar, medan dei resterande var jamt fordelte mellom privatpersonar og organisasjonar. Totalt vart  det søkt om 38 millionar kroner.

– Vi håpar at endå fleire kjem på banen til neste år, slik at meir naturrestaurering kan starte opp, seier Singsaas.

Les meir om naturrestaurering her: