Brannskum med PFAS blir forbode
Ein ny restriksjon forbyr bruk av stoffgruppa per- og polyfluoralkylstoffer (PFAS) i brannskum. Fleire overgangsperiodar gjeld.
Europakommisjonen har nyleg vedteke ein restriksjon under kjemikalieregelverket Reach mot omsetning og bruk av brannsløkkingsskum som inneheld per- og polyfluoralkylstoffer (PFAS). Restriksjonen vil også gjelde i Noreg.
Formålet med restriksjonen er å verne menneske, dyr og natur mot dei skadelege effektane av PFAS i brannskum. PFAS er menneskeskapte stoff som er svært stabile, og som blir brotne veldig sakte ned i miljøet. Utslepp av PFAS-haldig brannskum er den største kjelda til utslepp av PFAS til miljøet, og har ført til betydeleg forureining av jord og drikkevatn.
– PFAS er skadeleg for naturen og helsa vår. Regjeringa jobbar for å stanse bruk og utslepp av desse stoffa. Dette forbodet er eit viktig steg på vegen, seier klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
EU-restriksjonen kort fortalt
Det blir innført eit generelt forbod mot omsetning og bruk av brannskum med PFAS over 1 milligram per liter (mg/L), med ein overgangsperiode på fem år.
– Forbodet mot PFAS i brannskum er heilt nødvendig for å få ned skadelege utslepp til naturen. Verksemder bør snarast setje i gang med å planleggje overgang til fluorfrie alternativ, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Somme sektorar og bruksområde har eigne overgangsordningar – ned til eitt år og opp til ti år. Sjå oversikta nedanfor.
EU har valt dei lange overgangsperiodane på fem og ti år for å sikre at branntryggleiken blir oppretthalden medan sektorar med kritiske behov får tid til å utvikle, teste og implementere fluorfrie alternativ.
For å avgrense PFAS-utslepp i dei lengste overgangsperiodane må verksemder redusere utslepp til miljøet så mykje som mogleg, mellom anna ved å samle opp ubrukt brannskum, avfall og avløpsvatn, og sørgje for korrekt handtering. Dei skal også ha ein handlingsplan som beskriv bruk, oppsamling, reingjering og overgang til fluorfrie alternativ.
For fastmontert brannsløkkingsutstyr som er reingjort, gjeld ein mellombels grenseverdi på 50 mg/L. Hensikten er å unngå at utstyr må kasserast på grunn av restar av gammalt fluorhaldig skum. Brannskum, avfall og avløpsvatn som inneheld meir enn 1 mg/L PFAS skal merkast tydeleg.
Handhaldne brannsløkkingsapparat
Frå 23. oktober 2026 blir det forbode å selje handhaldne eller berbare brannsløkkingsapparat som inneheld PFAS-haldig skum, men eksisterande apparat kan lovleg brukast fram til 31. desember 2030.
Skal du kjøpe eit nytt handhaldt brannsløkkingsapparat før den tid, blir det tilrådd at du allereie no kjøper eit som ikkje inneheld PFAS-haldig skum.
Det finst mange fluorfrie alternativ på marknaden, som til dømes i berbare brannsløkkingsapparat. Desse har lenge vore vanlege i både private heimar, hyttar og mindre verksemder. Fordi det ikkje er krav om merking av berbare brannsløkkingsapparat for innhald av PFAS, har fleire produsentar byrja å merkje produkta sine som "PFAS-fri" eller "fluorfri".
Har du spørsmål om apparatet du har eller vurderer å kjøpe, blir det tilrådd å kontakte leverandøren eller ein annan fagperson i bransjen. Dette gjeld både du er usikker på om apparatet ditt inneheld PFAS, eller om du vil forsikre deg om at det nye apparatet er fritt for det.
I parantes er oppgitt om føresegna gjeld omsetning og/eller bruk.
23. oktober 2026:
- berbare sløkkingsapparat (omsetning)
23. april 2027:
- alkolholbestandig skum i berbare sløkkingsapparat (omsetning)
- brannøvingar og testing (bruk). Funksjonell testing av utstyr er framleis tillaten, føresett at det ikkje medfører utslepp til miljø.
- offentleg brannvesen, unnateke ved sløkking av storindustribrannar (bruk)
23. oktober 2030:
- generell overgangsperiode – gjeld bruksområde som ikkje er nemnde spesifikke (omsetning og bruk)
31. desember 2030:
- berbare sløkkingsapparat (bruk)
23. oktober 2035 (omsetning og bruk):
- storindustri (unnateken sivil luftfart og militære anlegg)
- offshoreinstallasjonar og olje-/gassplattformer
- militære fartøy
- sivile skip med brannskum teke i bruk før regelverket tredde i kraft
Per- og polyfluorerte stoff (PFOS, PFOA og andre PFAS-er) er ei gruppe menneskeskapte kjemiske stoff med høgt innhald av fluor som gir dei spesielle eigenskapar.
Sjølv om PFAS har nyttige eigenskapar i industrielle samanhengar, er dei miljøgifter og blir rekna blant dei mest bekymringsverdige stoffa vi omgir oss med.
PFAS er svært stabile stoff som blir i liten grad brotne ned i miljøet. Som følgje av dette kan konsentrasjonane i både menneske og natur auke over tid. PFAS blir derfor ofte omtalt som "ævekjemikaliar".
PFAS-er har vore brukt både i industrielle prosessar og i forbrukarprodukt sidan 1950-talet. I tillegg til i brannskum, finst desse stoffa i ei rekkje produkt vi bruker, som tekstil, matemballasje og kjøkkenutstyr, kosmetikk og skismørjing.
Opp mot 30 prosent av norske barn og ungdom har så mykje PFAS i kroppen at det overskrid nivå som blir rekna som trygge, ifølgje ein studie gjort av Folkehelseinstituttet.
Brei restriksjon mot PFAS under arbeid
Restriksjonen som no er vedteken gjeld for bruk av PFAS i brannskum, og er eit viktig steg på veg mot utfasing av dei skadelege kjemikaliane. Eit forslag til restriksjon for PFAS i alle andre bruksområde utover brannskum er for tida til behandling i Echas vitskaplege komitear. Noreg står bak dette forslaget saman med Danmark, Sverige, Tyskland og Nederland.
Det er òg viktig å vere merksam på at flere undergrupper av PFAS allereie er regulert i brannskum.