Nytt norsk forskarlag til FNs klimapanel
FNs klimapanel (IPCC) får med seg tolv norske fagekspertar når dei skal i gang med neste runde med rapportar om klimaendringar og tiltak.
– Dette er ei tydeleg anerkjenning av norske klimaforskarar og forskingsmiljø. Samtidig er det viktig at Noreg støttar opp om Klimapanelet sitt arbeid, og bidreg til at kunnskapen om utfordringane og løysingane for eit klima i endring blir så gode som mogleg, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Noreg vil vere godt representert når FNs klimapanel (IPCC) går inn i den sjuande runden med å samanfatte internasjonal forsking på klimaendringar og klimatiltak. Av dei tolv som er valde ut av Klimapanelet sitt byrå, har tre av dei også fått ansvar for å koordinere arbeidet med kvart sitt kapittel.
Rapportane frå Klimapanelet er det viktigaste faglege grunnlaget om klimaendringane for dei internasjonale klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Sjuande hovudrapport blir lansert i 2028 og/eller 2029.
Ekspertar frå over 100 land
Til saman er 664 fagekspertar frå 111 land valde ut til å skrive den sjuande hovudrapporten. Klimapanelet driv ikkje eiga forsking, men går gjennom og samanliknar funn frå fagfellevurdert forsking og annan ny kunnskap. Rapportutkasta blir gjorde tilgjengeleg slik at styresmakter og tusenvis av ekspertar kan kommentere før dei blir ferdigstilte.
Ingen tvil om årsaka til global oppvarming
Forsking har slått grundig fast at brenning av kol, olje og gass er den desidert viktigaste årsaka til global oppvarming det siste hundreåret. Dei tidlegare rapportane frå Klimapanelet slår heller ingen tvil om at oppvarminga vil halde fram så lenge utsleppa held fram, og at dette gir alvorlege og kostbare konsekvensar i alle verdsdelar.
Treng kunnskap for å kunne planleggje
Det trengst betre forståing av korleis livsviktige system i naturen vil reagere på oppvarminga. Det er også viktig å få betre kunnskap om løysingar, for å få til både raskare og større utsleppskutt og effektiv klimatilpassing.
– Isen på Grønland og i Antarktis smeltar, men vi veit ikkje nøyaktig kor fort det vil skje framover. Vi veit at permafrost tiner og slepper ut mykje klimagassar, men vi har ikkje noko sikkert anslag på korleis det vil utvikle seg over tid. Tørke og heite kan gi mykje meir skogbrann i verda, også i Noreg, og fisk og andre artar i havet flyttar på seg, med potensielt store konsekvensar for miljø og samfunn. Betre svar på korleis desse og andre mekanismar fungerer, vil vere enormt viktig for korleis Noreg og andre land planlegg for framtida, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Spesialrapport om byar og klima
I den sjuande arbeidssyklusen har Klimapanelet fleire rapportar ut over hovudrapportane. Først ut er spesialrapporten om byar og klimaendringar som skal publiserast i mars 2027. I siste halvdel av 2027 kjem ein rapport med metodikk for å rapportere utslepp av partiklar og klimagassar med kort levetid. Dette er utslepp som har noko å seie både for global oppvarming og luftforureining. Fire norske fagekspertar deltek i arbeidet med desse to rapportane.
Det er også vedteke at Klimapanelet skal lage ein metoderapport for rapportering av karbonfjerningsmetodar (CDR, CCS og CCU) i denne syklusen, forfattarteam og tidsløpet vil bli avklart på eit seinare tidspunkt.