Rekordhøg klimasats-støtte til hurtigbåtar

Vestland og Trøndelag fylkeskommune får til saman 388 millionar kroner i støtte for å redusere utslepp frå hurtigbåtar i rutetrafikk.

Publisert 05.09.2025

Hurtigbåtprogrammet er ei eiga tilskotsordning for hurtigbåtar under Klimasats-ordninga. Den gir viktig draghjelp i arbeidet med å redusere utslepp frå hurtigbåtar. Dette er båtar som bruker tradisjonelt mykje drivstoff og har svært høge utslepp per passasjerkilometer samanlikna med andre transportformer.

Hurtigbåtar er ein del av innanriks sjøfart. Innanriks sjøfart stod for nesten 7 prosent av Noregs utslepp i 2023, og andelen er venta å auke. Innfasinga av nullutsleppsløysingar i sjøfarten går sakte, og det er behov for stor innsats for å redusere utsleppa framover.

– Alle sektorar må bidra når vi skal nå Noregs klimamål. Hurtigbåtar er viktig del av kollektivtransporttilbodet langs kysten vår og må gjennom ei klimaomstilling som resten av transportsektoren. Derfor er det viktig at staten støttar fylkeskommunane slik at norsk maritim næring kan utvikle og levere klimateknologi som gjer hurtigbåtane utsleppsfrie, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Fekk søknadar for over 2 milliardar kroner

I 2025 har Miljødirektoratet høve til å tildele totalt 388 millionar kroner gjennom Hurtigbåtprogrammet i Klimasats, der fylkeskommunar har høve til å søkje om tilskot. Tilskotet skal fremje klimatiltak ved å støtte prosjekt som bidreg til reduksjon i utslepp av klimagassar frå hurtigbåtar. Miljødirektoratet fekk i år seks gode søknader om tilskot på til saman over 2 milliardar kroner.

På grunn av høge kostnader knytte til mellom anna ladeinfrastruktur, energieffektive skrogdesign og batteripakkar til maritim bruk, krevst det store midlar for å realisere nullutsleppsløysingar på hurtigbåtar, og det er dermed også eit stort behov for tilskot til fylkeskommunar som ønskjer å gjennomføre slike prosjekt. Miljødirektoratet har valt å tildele heile den tilgjengelege tilskotssummen på 388 millionar til to prosjekt.

I evalueringsprosessen vart søknadene grundig vurderte etter fastsette prioriteringskriterium, som m.a. vektlegg kostnadseffektivitet, potensial for utsleppsreduksjon, innovasjonsgrad og overføringsverdi.

Støtta utløyser både utsleppsreduksjonar og vidare teknologiutvikling

Vestland fylkeskommune har fått tilskot til eit prosjekt som skal redusere utslepp på utvalde hurtigbåtruter i Sunnhordland. Med støtta vil sambandet i neste kontraktsperiode kunne driftast med hybridelektriske hurtigbåtar. Dei aktuelle båtane vil i hovudsak trafikkere kortare distansar i Sunnhordlandsbassenget, der høg elektrifiseringsgrad er mogleg.

Trøndelag fylkeskommune har fått tilskot til å gjennomføre eit prosjekt som utgjer siste del av Fremtidens Hurtigbåt – eit tiår langt samarbeidsprosjekt med fylkeskommunane Nordland, Vestland og tidlegare Troms og Finnmark. Hovudmålet er å elektrifisere hurtigbåtane i Trondheimsfjorden, som er blant dei mest trafikkerte og teknisk krevjande sambanda i landet. Elektrifisering av lengre hurtigbåtruter har av natur tekniske utfordringar relatert til fart og rekkjevidd, og det er derfor viktig å redusere energiforbruket for å effektivisere bruken av batteri. Prosjektet skal først teste ut ulike innovative energisparingsteknologiar på eksisterande hybridelektriske hurtigbåtar, før det blir sett i gang bygging og uttesting av energieffektive heilelektriske hurtigbåtar.

– Hurtigbåtar krev store mengder energi, og for å kunne halde oppe dagens rutetilbod med batteridrift er det avgjerande å redusere energiforbruket. Derfor er utvikling og uttesting av nye energieffektive skrogformer og ulike energisparande system viktig. Slike løysingar vil ikkje berre gjere elektrifisering av lengre ruter mogleg, men også ha høg overføringsverdi til framtidas hurtigbåtar, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.