Klima-støtte til 123 prosjekt i kommunar og fylke

Norske kommunar får til saman 130 millionar kroner for å kutte utslepp av klimagassar frå mellom anna avfallshandtering, anleggsplassar og transport.

Publisert 28.04.2026

Her kan du sjå kva kommunen eller fylkeskommunen din får støtte til:

− Skal vi klare å kutte klimagassutsleppa i Noreg, er det viktig at både stat og kommune jobbar saman. Dei nye Klimasats-tildelingane viser at kommunane framleis prioriterer klimaarbeidet høgt. Lokalt forankra klimatiltak gir ringverknader – dei bidreg til å kutte klimagassutslepp, omstille lokalsamfunn og skape løysingar som kjem innbyggjarane til gode. Dette er i tråd med Regjeringas plan for Noreg, som legg vekt på å redusere norske klimagassutslepp gjennom ei rettferdig omstilling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Dei største summane frå Klimasats-tildelinga i år går til å kutte utslepp av klimagassar frå byggje- og anleggsplassar, og til klimavennlege materiale i byggjeprosjekt. Mange av desse prosjekta gir store og nokså umiddelbare utsleppsreduksjonar.

Det er også mange klimatiltak for ein meir sirkulær økonomi blant søknadene. Mange av desse prosjekta krev koordinert innsats på tvers av avdelingar i kommunen og dialog med andre samfunnsaktørar. Dette viser at kommunar og fylkeskommunar i aukande grad ønskjer å løyse komplekse utfordringar i klimaarbeidet.

Ordninga Klimasats gir kommunane høve til å redusere utslepp av klimagassar på måtar som er tilpassa kommunes behov og moglegheiter.

− Klimasats-ordninga som vart etablert i 2016, har sett fart på klimaarbeidet i kommunane. Nokon treng hjelp til konkrete klimavennlege anskaffingar, andre tek på seg større og meir langsiktige prosjekt som kuttar utslepp i fleire delar av kommuneverksemda, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Mindre avfall og ressursbruk

Bergen kommune får éin million kroner i støtte til å kutte klimagassutslepp frå avfall som mellom anna stammar frå kommunen si eiga drift. I prosjektet skal kommunen jobbe for å unngå at avfall oppstår i utgangspunktet, gjennom innovative anskaffingar og meir sirkulære verdikjeder. Dei skal ombruke og vinne tilbake meir av avfallet som elles ville gått til forbrenning, og dei skal utvikle rutinar og opplæring for å endre åtferd og bidra til lågare ressursbruk blant eigne tilsette. Kommunen har berekna at dette kan kutte utsleppa med over 1000 tonn CO2 berre i løpet av prosjektperioden på 1,5 år.

Klimatiltak for parkar og gravplassar

I Østfold skal nettverket Klima Østfold, fleire kommunar og kyrkjelege fellesråd redusere klimagassutslepp frå drift av parkar og gravplassar. Prosjektet skal mellom anna teste torvfrie jordtypar og redusere feilsortering av avfall på gravplassane, slik at meir jord kan komposterast. Dei vil også erstatte fossildrivne hagereiskapar med elektrisk utstyr.

Kommunar i Vestland får mest i støtte

Det har vore stor etterspurnad etter Klimasats-støtte i år. Kommunar og fylkeskommunar leverte søknader for 238,8 millionar kroner, medan potten er på 130 millionar kroner.

Klimasats-tildelingar

Fylke

Antall søknader

Søknadssum

Endelig tildeling

Vestland

31

50 263 965

31 487 140

Akershus

31

42 274 498

25 346 302

Buskerud

12

22 279 833

19 857 833

Trøndelag

16

21 946 806

13 776 500

Østfold

6

25 893 375

8 501 875

Oslo

8

9 316 812

7 795 438

Nordland

5

9 528 972

6 593 572

Agder

12

9 561 600

4 416 850

Innlandet

9

4 535 000

3 562 500

Vestfold

7

3 555 000

3 255 000

Rogaland

20

23 998 027

2 339 500

Møre og Romsdal

6

8 200 000

1 699 000

Troms

3

1 000 000

600 000

Telemark

5

6 001 800

480 000

Finnmark

1

400 000

400 000

Totalt

172

238 755 688

130 111 510

Figur 1: Søknader, søknadssum og tildelingar av Klimasats-støtte fordelt fylkesvis. 

Mange ulike tiltakstypar

Det er stor variasjon i kva kommunar og fylke søkjer Klimasats-støtte til. I figuren under er prosjekt sorterte i 16 kategoriar baserte på kvar kvart enkelt prosjekt høyrer mest naturleg heime.

Oversikt etter type tiltak

Type tiltak

Søknadssum

Endelig tildeling

Bygge- og anleggsplasser

46 912 248

34 616 780

Byggematerialer

52 816 590

21 505 140

Sirkulær økonomi

31 935 550

14 138 000

Klimaledelse, nettverk og næringslivssamarbeid

17 787 900

10 555 000

Varedistribusjon/bylogistikk og tungtransport

11 181 000

9 001 000

Kartlegging i bygge- og anleggsprosjekter

10 028 427

8 205 552

Mobilitet og reisevaner

16 804 306

7 900 000

Renovasjon, avfall, deponi og avløp

10 384 027

5 095 000

Ladeinfrastruktur og energistasjoner

5 565 000

4 910 500

Arealplanlegging etter PBL

6 327 500

4 675 000

Energi

6 040 000

2 622 750

Maskiner og kjøretøy

15 638 790

2 417 438

Matsvinn og matvalg

3 286 350

2 108 850

Biogass

1 400 000

1 362 500

Masseforvaltning

2 348 000

698 000

Sjøtransport

300 000

300 000

Totalt

238 755 688

130 111 510

Figur 2: Søknadssum og tildelingar av Klimasats-støtte fordelt etter kategoriar.