Færre rovviltskadar også i år

Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.

Publisert 10.08.2026

– Det er positivt å sjå at talet på sau som er påvist teken av rovvilt framleis går nedover. Det viser at gjennomføringa av rovviltpolitikken fungerer. Så vil det framleis vere ei belastning for enkelte beitebruk som blir hardt ramma. Derfor er det viktig at vi har gode ordningar for støtte, erstatning og tilpassing, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for å undersøkja sauer som er skadde eller døydde og dokumentera skadar, når dyreeigar mistenkjer at skadane kjem av rovdyr.

Per 1. august har det i 2026 vorte meldt inn 1230 sauer som anten var skadde eller døydde, der rovdyr kunne vera årsaka. Etter at SNO har gjort undersøkingar, har dei konkluderte med at 489 av sauene har vorte påvist angripne av rovdyr.

– Tala for påviste rovviltskadar i år er blant dei lågaste sidan me starta den systematiske kartlegginga for over 20 år sidan. Sjølv om det også i år er sauebønder som har opplevd store skadar, ser me at trenden med færre rovviltskadar held fram, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Vesentleg færre skader frå bjørn

Talet på skadar frå bjørn er 159, og mykje lågare enn i fjor. Omtrent halvparten av skadane frå bjørn er påviste i Trøndelag, etterfølgde av Innlandet.

Skadane frå gaupe er det lågaste som er registrert i Rovbase per 1. august. For jerv, kongeørn og ulv er det noko auke samanlikna med fjoråret.

– Talet på skadar frå rovdyr vil normalt variera frå år til år. Dette er også førebelse tal per 1. august, og biletet kan endra seg framover. Me veit til dømes at det i august og september gjerne blir meldt inn fleire skadar frå særleg bjørn og jerv, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

I november og desember behandlar statsforvaltarane søknader om erstatning, der skadedokumentasjonen er eitt av fleire moment i ei heilskapsvurdering.

Følg utviklinga i Rovbase

Du kan følgja med på talet på skadar og utviklinga framover ved å besøkja databasen Rovbase. Her finn du ei kartløysing der publikum kan sjå alle skadar der undersøkingane til naturoppsynet har konkludert med rovvilt som skadeårsak.

Det er berre dokumentasjon som har gått gjennom to-trinns kvalitetssikring og som har fått ein endeleg konklusjon som blir vist i Rovbase.

Du kan følgja med på talet på skadar og utviklinga framover, både nasjonalt eller i eige fylke eller kommune. Påviste rovviltskadar blir publiserte fortløpande etter kvart som dei blir melde inn og blir vurderte av SNO. Der kan du også filtrera på fylke eller kommune, og dato.