Låge laksefangstar også i 2025

Fangsten av villaks i 2025 var lågare enn vanleg. Dette tyder på at lakseinnsiget også i 2025 var svakt.

Publisert 06.02.2026

– Den ville atlantiske laksen er under stort press av mellom anna klimaendringar, lakselus og rømd oppdrettsfisk, og det har vore svært få laks i elvane dei siste åra. Fangsttala for 2025 gir dessverre ikkje noko grunnlag for optimisme, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet. 

Statistisk sentralbyrå (SSB) har i dag publisert ny nasjonal statistikk for fangst av laks, sjøaure og sjørøye i elv. Den viser at det i 2025 vart fanga 67  064 laks i elv og 23  208 laks i sjø. Til saman utgjer det 90  272 laks, som er dei nest dårlegaste fangsttala dei siste ti åra.

Lågast fangst var det i 2024 då 33 elvar vart heilt eller delvis stengde på grunn av lite fisk.

Mange laksebestandar i Noreg er reduserte eller har gått tapt. Her kan du lese om status og tiltak for å ta vare på vill laksefisk: 

Færre fiskarar 

Dei siste åra har det komme færre laks tilbake til norske elvar enn venta. I 2024 var  lakseinnsiget på ca. 323 000 laks, det lågaste som nokon gong er registrert. Dette er ein tredel av det historiske innsiget tidleg på 1980-talet. 

Som eit føre var-tiltak innførte Miljødirektoratet tidenes strengaste fiskerestriksjonar frå fiskesesongen 2025. Fangsttala er derfor ikkje direkte samanliknbare med tidlegare år.

Fleire elvar melder at det var færre fiskarar i fjor, og talet som betaler fiskaravgifta er no femten prosent lågare enn i 2023. Med normalt fisketrykk ville antakeleg fangsttala vore noko høgare.  

– Dei låge fangsttala tyder likevel på at lakseinnsiget også i 2025 var svakt og at dei strenge reguleringane er nødvendige. Når rapporten frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning i år kjem, vil me få svar på kor mange laks som kom til elvane i 2025, seier miljødirektør Hilde Singsaas.   

Er trua av lakselus og klimaendringar  

I rapporten Status for norske laksebestandar i 2025 peikar Vitskapleg råd for lakseforvaltning (VRL) på lakselus, rømd oppdrettslaks, sjukdommar og klimaendringar som dei viktigaste påverknadsfaktorane på dei norske laksebestandane.

I nokre område vurderer dei at effektane av havbruk åleine er nok til at det det ikkje finst noko haustbart overskot av laks. 

Klimaendringar påverkar både havområda og elvane laksen bruker, og desse endringane er i stor grad uopprettelege. På lengre sikt kan klimaendringar derfor vera ein endå større trussel mot laksebestandar enn det som kjem fram i dagens vurderingar.

Klimaendringar aukar derfor behovet for det blir gjort tiltak mot resten av faktorane som påverkar laksebestandane negativt.