No skal mobilen din vare lenger
Frå 1. januar 2026 skal nye mobiltelefonar og nettbrett vare lenger og vere enklare å reparere.
Den 19. desember 2025 vedtok Klima- og miljødepartementet og Energidepartementet endringar i økodesignforskrifta. Det inneber ei rekkje nye krav som blir stilt til mobiltelefonar og nettbrett for å fremje sirkulær økonomi.
- De nye krava som skal gjere mobilar og nettbrett meir robuste, meir haldbare og enklare å reparere, er gode nyheiter for forbrukarane. I dag kastar vi mykje som kunne vore brukt lenger. Regjeringa ønskjer å gjere det både enklare og rimelegare å reparere produkt i staden for å kjøpe nytt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Dei nye krava gjer at produkta du kjøper blir meir energieffektive og haldbare. Du skal enkelt kunne reparere, oppgradere og halde produkta ved like, slik at dei varer lenger og du slepp å kjøpe nytt så ofte. Det betyr mindre belastning på klima og miljø.
I tillegg blir dei enklare å gjenbruke og materialattvinne når produktet til slutt er utslite.
- I dag endar mange opp med å kjøpe nytt utstyr fordi éin liten del ikkje let seg byte, og det gir unødvendig belastning på klima og miljø. EUs kommande krav er eit viktig steg mot ein meir sirkulær økonomi, og vil gjere det enklare for både forbrukarar og produsentar å ta meir berekraftige val, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Dei nye krava inneheld:
- Tolegrense for utilsikta fall eller ripar, og tolegrense for støv og vassøl. Det vil seie kor mykje belastning eller påverknad produktet kan tole utan å bli skadd
- Batteria skal tole minst 800 oppladingar, og samtidig behalde 80 prosent av batterikapasiteten
- Tilgang på reserveredelar, som batteri, og maksimal leveringstid for reservedelar
- Programvareoppdateringar skal vere tilgjengelege i minst fem år etter at produktet er gått ut av sal
- Tilgang til informasjon om reparasjon, vedlikehald og pris på reservedelar
- Moglegheiter for demontering ved byte av deler, inkludert batteribyte
- Det skal vere informasjon om minimum batterilevetid, om kor mykje av produktet som er mogleg å bruke om igjen eller materialattvinne
- Det skal vere brukarmanualar tilgjengelege på ei open nettside