Trua myr smelter bort – KI avdekker omfattande tap

Ein ny maskinlæringsmodell avslører at vi kan ha mista opp til 80 prosent av den kritisk trua naturtypen palsmyr på grunn av klimaendringar.

Publisert 02.02.2026

– Palsmyra er som eit termometer for aukande temperaturar i Noreg. Klima og natur heng uløyseleg saman, og det er urovekkjande å sjå korleis klimaendringane allereie har endra naturen rundt oss, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

På oppdrag frå Miljødirektoratet har teknologiselskapet Field Geospatial, i samarbeid med konsulentselskapet Sállir Natur, utvikla ein maskinlæringsmodell, altså eit dataprogram med kunstig intelligens, som lærer seg å kjenne igjen palsmyr på bilete. Ved å analysere satellittbilete og flybilete, har dei no laget det første heildekkande kartet over den trua naturtypen palsmyr i Noreg.

Modellen har kartlagt 216 km2 palsmyr i Noreg. Den har også identifisert til saman 1106 km2 med restar, som ein gong har vore palsmyr. Det betyr at 70-80 % av palsmyra vi har hatt i Noreg allereie er forsvunne.

Opne kartet:

Kollapsar på grunn av varmare temperaturar

Palsmyr er vurdert som kritisk trua i raudlista for naturtypar 2025. Myrtypen finst berre der det er permafrost, slik som på Dovre og i Nordland, Troms og Finnmark.

Den blir kjenneteikna av våte, flate jordvassmyrar med store, spreidde torvhaugar, kalla palsar, som har ein kjerne av is gjennom heile året.

Men når temperaturen stig, smelter iskjernen, og palsane kollapsar. 

Foto: NINA

Foto: NINA

Slik ser det ut når ein pals har kollapsa. Etter kvart vil området gro igjen. Bileta er frå 2008 og 2018 i Ferdesmyra i Finnmark. Dra fram og tilbake for å samanlikne.

– Nokre artar kan flytte seg nordover eller høgare opp i terrenget når klimaet endrar seg. Palsmyra har ingen slike moglegheiter, så derfor er det sannsynleg at vi vil miste denne naturtypen på sikt, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Foto: NINA

Foto: NINA

Bileta er frå Ferdesmyra i Sør-Varanger i Finnmark. Dra fram og tilbake og samanlikn bileta frå 2008 og 2018.

Tapet av palsmyr gjer at vi sannsynlegvis vil få færre av artane som er spesielt tilpassa akkurat dette økosystemet.

Maskinlæringsmodell kan spore endringar over tid

I tillegg til å bruke maskinlæring til å kartleggje palsmyr både i dag og tilbake i tid, har Fields utvikla ein maskinlæringsmodell som kan finkartleggje ulike arealtypar og dermed spore detaljerte endringar over tid.

Dette gir heilt nye moglegheiter for å kunne overvake påverknaden til klimaendringane på palsmyra.

– Kunstig intelligens har gitt eit viktig løft til overvakinga av korleis klimaendringar påverkar sårbar natur. Ved å kombinere maskinlæring og satellittbilete, blir overvakinga av naturen både meir effektiv og enklare å skalere opp enn tradisjonelle kartleggingsmetodar, seier Hilde Singsaas.

Foto: Field Geospatial

Analyse av flyfoto viser at volumet på palsane i Ferdesmyra i Sør-Varanger i Finnmark har vorte heile 93 prosent mindre sidan 1970-talet fram til 2020. 

Sjå rapporten her: