Foreslår opning av fiske i tidlegare stengde gyro-vassdrag

Miljødirektoratet vil opne for fiske i tre friskmelde gyrovassdrag. I alle andre vassdrag blir dei strenge fiskereglane vidareførte.

Publisert 30.01.2026

 – Vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på villaksen. Eg er glad for å sjå at tiltaka mot lakseparasitten gyro har hatt god effekt, og at laksebestandane blir styrkte i dei elvane vi har gjort denne behandlinga. Dette gir skikkeleg motivasjon til å jobbe vidare for å redde lakseelvane våre. No kan vi konsentrere oss om tiltak mot dei andre faktorane som truar villaksen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Vi har lykkast med å byggje opp fiskebestandane i fleire vassdrag som tidlegare var infiserte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Derfor foreslår vi å opne for fiske igjen der bestandane no er i god vekst. Samtidig står førevarføresegnene frå 2025 fast i dei fleste norske vassdrag, og vi vil ikkje opne for meir fiske i år enn i fjor, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Miljødirektoratet har sendt på høyring endringar i fiskereglane for fire vassdrag: tre som blir foreslåtte opna, og eitt som blir foreslått stengt. Elles blir fiskereglane  frå vidareførte 2025. 

Høyringsfristen er 15. mars, og interessentar kan komme med innspel til forslaga her: 

Eventuelle endringar trer i kraft frå sesongen 2026. 

Les meir om laks og fiskereglane her:  


Kva betyr dette for fisket i 2026? 

I 2024 stansa Miljødirektoratet laksefisket mellombels i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa til Trøndelag, etter historisk låge fangstar og høg risiko for alvorleg skade på laksebestandane.  

I 2025 vart dette følgt av eit planlagt førevarregime med tidenes strengaste restriksjonar for å stabilisere situasjonen. I 2026 blir dette regimet vidareført uendra, med nokre få unntak.

Det blir altså ingen generelle lettar eller nye innstrammingar i år, men det kan komme lokale endringar i dei vassdraga som er på høyring. Fiskarar skal alltid sjekke gjeldande forskrift og lokale føresegner før fiske. 

Positiv utvikling i tidlegare gyrovassdrag

I 2022 friskmelde Mattilsynet Skibotnelva, Signaldalselva og Kitdalselva. No ønskjer grunneigarlaga i Skibotnelva og Signaldalselva å opne for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Overvakinga som Veterinærinstituttet har gjort på oppdrag frå Miljødirektoratet viser ei tydeleg positiv utvikling i bestandane, og det blir foreslått å opne for fiske etter laks og sjøaure. 

Leirelvvassdraget i Nordland vart friskmelde i 2018 og opna for eit avgrensa laksefiske. Nye undersøkingar viser at sjøauren igjen er tilbake på nivåa før parasitten vart påvist, og Miljødirektoratet foreslår derfor å opne for sjøaurefiske. 

Stans i fiske i Jølstra 

Laksebestanden i Jølstra har over tid lege under gytebestandsmålet. Det har ikkje vore opna for laksefiske, men sjøaurefiske har gått føre seg. Bifangsten av laks blir vurdert som for høg, og for å sikre laksebestanden foreslår Miljødirektoratet å stanse fisket etter sjøaure.