Utsleppa av klimagassar gjekk ned i halvparten av kommunane

Nye tal viser at klimagassutsleppa gjekk ned i vel halvparten av kommunane i 2024.

Publisert 29.01.2026

– Nedgangen i klimagassutsleppa i halvparten av kommunane i Noreg viser at vi er på rett veg. Kommunane spelar ei nøkkelrolle i klimaarbeidet. Når utsleppa går ned lokalt, gir det effekt nasjonalt. Difor er det avgjerande at kommunane held trykket oppe i klimaarbeidet også framover, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I litt over halvparten av kommunane gjekk utsleppa ned i 2024 samanlikna med 2023. Dette er ein liten nedgang samanlikna med året før. Samtidig har nesten fire av fem norske kommunar redusert utsleppa av klimagassar det siste tiåret (2015-2024).

– Det er positivt at utsleppa går ned i mange kommunar, samtidig ser vi at utsleppa også aukar ein del stader. Vi håpar dei nye statlege planretningslinjene for klima og energi vil gi kommunane eit ekstra gir i klimaarbeidet sitt framover, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Mange av reduksjonane i klimagassutsleppa i 2024 kjem av verkemiddel som har verka over lengre tid. Døme på dette er auka omsetningskrav for biodrivstoff og verkemiddel som aukar bruk av elbil i vegtrafikken. Eit anna døme er at forbodet mot å deponere organisk avfall som vart innført i 2009, framleis reduserer utsleppa frå avfallsdeponi.

Utsleppa av klimagassar frå jordbruk, sjøfart og luftfart har derimot auka i over halvparten av kommunane sidan 2023.

Størst utsleppsreduksjon i vegtrafikken

Sjølv om trafikken auka litt på vegane i dei fleste kommunane i 2024 samanlikna med året før, gjekk klimagassutsleppa frå personbilar ned i nesten alle kommunane. Nedgangen kjem av at fleire køyrer elbil og at bioinnblandinga i drivstoffet har auka. I tillegg til nasjonale verkemiddel, bidreg lokale tiltak som til dømes utforming av bompengetakstar, parkeringspolitikk og tilrettelegging for gonge og sykkel, til å gjere det meir attraktivt å velje andre alternativ enn fossilbilen.

Også utsleppa frå tunge køyretøy gjekk ned i over 80 prosent av kommunane. Meir bruk av biodrivstoff i diesel, noko kortare køyrelengder for tunge dieselbilar, og at fleire lastebilar går på biogass eller straum bidrog til denne nedgangen.

– Det er motiverande å sjå korleis både lokale og nasjonale verkemiddel har bidrege til at utsleppa frå vegtrafikken går ned. Framleis klimasatsing frå kommunane, ikkje minst gjennom arealplanlegging som gir meir berekraftig transport, er heilt avgjerande for at vi skal klare å kutte nok utslepp, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Klimagassrekneskap styrkjer klimaarbeidet i kommunane

Klimagassrekneskap for kommunar og fylke bidreg til auka forståing for utsleppa lokalt. Kommunane bruker mellom anna tala til å informere og engasjere politikarar og innbyggjarane i kommunen i klimaarbeidet, og som grunnlag til å setje- og følgje opp klimamål og planar.

Ein av desse kommunane er Trondheim, som er ein av kommunane som kan gle seg over at utsleppa gjekk ned i 2024.

– Utan fakta på bordet er det alltid vanskeleg å jobbe målretta. Med utsleppstala i botn kan vi lage klimabudsjett, prioritere tiltak og på denne måten arbeide systematisk for å nå måla som er vedteke i klimaplanen, seier Simon Loveland frå klima- og miljøenheten i Trondheim kommune.

Fredrikstad kommune har også nytte av klimagassrekneskapen.

– Klimagassrekneskapen bidreg til at vi kan bruke tida på å utforme og forankre tiltak framfor å skaffe data sjølv, fortel Guro Nereng og Grete Rasmussen, begge klimarådgivarar i Fredrikstad kommune. – Vegtrafikk er hos oss, som i mange andre kommunar, ei stor utsleppskjelde. Innsikta vi får knytt til utsleppstal fordelt på ulike køyretøygrupper bidrog til å byggje kunnskap om behovet for verkemiddel knytt til klimaomstilling av tunge køyretøy.

Fylkeskommunar som Vestland er også aktive brukarar av rekneskapen.

– Med data på kommune- og delsektornivå og ei tidsserie heilt tilbake til 2009, kan vi skilje ut kva kommunane og fylket faktisk kan påverke. Til dømes er det lite ei kommune kan gjere med mengd tankarbåtar som passerer utanfor kysten, medan avtrykk for ferjer og cruisebåtar er noko vi kan jobbe systematisk med, seier Bård Sandal, avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune.

Kommunane peikar også på kor viktig det er med gode metodar og forbetringsarbeid. Klimagassrekneskapen blir stadig forbetra og vidareutvikla. Både ved at nye metodar og betre data blir tekne i bruk.

Last ned