Halvparten av EE-produkta var ulovlege å selje

Ein europeisk kontroll av billige elektriske produkt viste at halvparten inneheldt forbodne stoff og dermed var ulovlege å selje.

Publisert 24.06.2026 | Oppdatert 24.06.2026

– Eg er bekymra over funna av forbodne og farlege stoff i produkt som blir selde i Noreg. Folk skal kunne stole på at produkt på den norske marknaden er trygge å bruke. Miljøgifter og hormonforstyrrande stoff kan over tid ha alvorlege effektar på menneske, og dei blir til eit miljøproblem når stoffa frå produkta hamnar i naturen. Miljødirektoratets tilsyn er viktig for å avdekkje og stanse salet av ulovlege produkt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Kontroll av innhaldet i billige elektriske produkt

Miljødirektoratet deltok i aksjonen saman med 12 andre land. Kontrollane hadde som mål å sjekke innhaldet i billige elektriske produkt innan kategoriane kjøkkenutstyr og kroppspleie, og fritidsprodukt med solceller eller USB-lading. Produkta vart kjøpt inn frå fysiske butikkar og nettbutikkar. 

– Funna frå den europeiske aksjonen samsvarer ganske godt med det vi finn i dei nasjonale tilsyna våre. Det er nedslåande at det framleis blir selt produkt som inneheld stoff som har vore forbodne lenge og er skadelege både for menneske, og for miljøet når det endar som avfall, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

173 produkt vart kontrollerte for innhald av miljøgifter og metall

Prøver av tilfeldig utvalde produkt frå både fysiske butikkar og nettbutikkar vart sende til eit laboratorium i Tyskland for analyse. Resultata viste at annakvart produkt var ulovlege då dei inneheldt for høge nivå av bly i loddepunkt eller plastmjuknarar (ftalat ) som ofte førekjem i leidningsplast.

Miljødirektoratets bidrag i aksjonen var å kjøpe inn 12 produkt frå fysiske butikkar. Fem av desse inneheldt ulike ftalat eller bly.  Eitt av produkta som vart kontrollerte mangla i tillegg CE-merket. Alle leiker og elektriske- og elektroniske produkt som blir importerte til EU, skal vere CE-merket.

Butikkane som selde desse fem ulovlege produkta vart følgt opp av Miljødirektoratet og fekk pålegg om å stanse salet.

Viktig med felles europeisk innsats

Miljødirektoratet deltek årleg i felles europeiske tilsynsaksjonar med kontroll av forbrukarprodukt som elektronikk, leiketøy, sportsutstyr og klede. Det er ofte i billige produkt av slike at ein finn for høge verdiar av forbodne stoff. 

Resultata frå kvart lands kontrollar blir melde inn til den europeiske databasen Information and Communication System for Market Surveillance (ICSMS). Farlege produkt blir også melde inn i The Safety Gate Rapid Alert System for dangerous non-food product (Safety gate).

Samarbeidet mellom tilsynsmaktene i Europa er viktig for å avdekkje omfanget av farlege produkt, gjennomføre testing av produkta og dessutan å varsle kvarandre ved funn av farlege produkt.

Når fleire land aksjonerer, står vi sterkare overfor dei som ikkje følgjer regelverket ved at vi samordnar tiltak for å forhindre at ulovlege produkt blir selde. Dette skal sikre at produkta som blir sette på marknaden, er trygge å bruke for forbrukarane, seier Singsaas.

I denne aksjonen hadde kvart land ansvar for å følgje opp forhandlarane og sørgje for at forbodne produkt vart fjerna frå marknadene.

Desse stoffa vart funne i produkta

  • Ftalat er stoff som ofte blir tilsette i plastprodukt for å gjere dei mjukare. Dei blir brotne sakte ned i sediment og jord og hopar seg i varierande grad opp i organismar. Menneske kan få i seg stoffa gjennom luft og mat. Dei er påviste å kunne skade forplatningsevnen og gi fosterskadar.
  • Bly er giftig og kan gi alvorlege helseskadar sjølv i svært små mengder. Bly og blysamband er strengt regulerte i fleire EU-regelverk, som alle er gjennomførte i norsk regelverk.