Sápmi blir hardt ramma av klimaendringar

Samiske aktørar fortel om stadig meir krevjande forhold i ein ny rapport om klimaendringars konsekvensar i Sápmi.

Publisert 11.05.2026

– Klimaendringane skjer her og no, og konsekvensane blir tydeleg merka i Sápmi. Skal vi lykkast med klimatilpassinga her, må samisk tradisjonell kunnskap få ein tydeleg plass. Denne rapporten gir oss betre kunnskap for å vareta samiske interesser, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Klimaendringane har negative konsekvensar for den tradisjonelle samiske naturbruken, og reindrifta er særleg utsett. Dette er viktig kunnskap å ha med inn i arbeidet med å tilpasse samfunnet til eit endra klima, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har, i samarbeid med ekspertutvalet om klimatilpassing, fått kartlagt korleis klimaendringar påverkar samisk kultur, næringar og samfunn i Sápmi.

Rapporten er utført av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Internasjonalt reindriftssenter (ICR), og byggjer på ei samanstilling av ny forsking frå Sápmi på tvers av nordiske land og dessutan brei medverknad frå samiske aktørar i Noreg. .

Klimaendringane er allereie merkbare i Sápmi

Den nye rapporten tek for seg konsekvensane av klimaendringar for samisk kultur, næring og samfunn, med hovudvekt på samisk tradisjonell naturbruk. Rapporten kombinerer vitskapleg kunnskap og samisk tradisjonell kunnskap, og viser mellom anna at:

  • Klimaendringar påverkar allereie samisk naturbruk og næringsutøving i Sápmi.
  • Reindrifta er særleg utsett som følgje av endra snø- og isforhold, auka uvisse og redusert handlingsrom. Samisk fiske blir også prega av konsekvensar av klimaendringane.
  • Fleksibilitet er avgjerande for samiske naturbrukstradisjonar, men klimaendringar, arealpress og inngrep avgrensar tilpassingsmoglegheitene.
  • Tap av naturbrukstradisjonar kan gi tap av tradisjonell og kollektiv kunnskap og føre til svekking av språket.
  • Klimaendringane forsterkar sosiale utfordringar, særleg blant unge. Dei kan også medføre fysiske og psykiske helseutfordringar knytte mellom anna til tapserfaringar og stress.
  • Klimaendringane har samfunnsøkonomiske konsekvensar knytte til redusert produksjon, tap av dyr og utgifter til klimatilpassingstiltak.

Mindre fleksibilitet

Tradisjonell samisk naturbruk har alltid vore avhengig av å handtere variasjonar i klima og naturforhold. Det har vore vanleg å flytte mellom ulike område, kombinere fleire typar arbeid og bruke naturressursar på ulike måtar gjennom året.

Klimaendringane gjer at behovet for slik tilpassing blir større, men sidan presset på areala og anna belastning aukar, blir moglegheitene for fleksibilitet stadig meir avgrensa.

Ein del av nasjonal klimasårbarheitsanalyse

– Funna frå rapporten skal brukast inn i arbeidet med ny nasjonal klimasårbarheitsanalyse som blir tidleg lansert 2027. Analysen blir eit viktig kunnskapsgrunnlag for å utforme politikk for klimatilpassing i Noreg framover, seier Singsaas.

Klimasårbarheitsanalysen skal gi betre kunnskap om kva konsekvensar klimaendringane har for natur og samfunn, og om kapasiteten vår til å handtere dei.

Arbeidet med klimasårbarheitsanalysen blir leidd av Miljødirektoratet, og blir utført i samarbeid med fleire direktorat.