Tiltak i skog kan gje gevinstar for både klima og natur

Ein ny rapport viser at det er mogleg å styrkje bidraget til skogen for å nå klimamål samtidig som naturverdiar blir tekne vare på.

Publisert 06.05.2026

For første gong har forskarar frå Nibio, Nina og NMBU gjort ei samla vurdering av tiltak i skog – både tiltak som kan auke opptak og redusere utslepp av klimagassar, og tiltak som kan forbetre økologisk tilstand i skogen. Rapporten viser at det finst samanfallande interesser, men også målkonfliktar mellom omsynet til skognæringa, klimabidraget til skogen, og naturmangfald og økologisk tilstand.

− Skogen bidreg til å nå klimamål og er samtidig ein heim for svært mange artar. Denne rapporten gir oss nyttig kunnskap om korleis vi kan sjå naturmangfald og klima i samanheng, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Rapporten er utarbeidd på oppdrag for Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet.

− Dette er første gong vi får ei samla vurdering av klima- og naturtiltak i skog. Rapporten gir eit solid bidrag til kunnskapsgrunnlaget for å forvalte skogen på ein god måte for framtida, slik at fleire samfunnsinteresser kan takast vare på, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Målretta tiltak kan styrkje klima- og naturomsyn

Rapporten viser at dei mest treffsikre produksjonsretta klimatiltaka i skog er dei som blir sette inn på skogareal som er hogne og skal fornyast. Her er risikoen for negative konsekvensar for naturmangfaldet mindre enn for andre skogareal. Tiltak som tek høgd for at klimaet er i endring kan vere positivt både for skognæring, karbonopptak og økologisk tilstand.

Auka vern og bevaring av naturnær skog, det vil seie skog som ikkje i stor grad er påverka av menneske, blir vurdert som dei mest effektive tiltaka for å bevare naturverdiar og forbetre den økologiske tilstanden i skogen. Rapporten peikar også på ny kunnskap som kan styrkje grunnlaget for å vurdere vern som eit klimatiltak. Dette gjeld særleg forskjellar i opptak og lagring av karbon i gammal skog, som er lite påverka, samanlikna med skog som blir forvalta etter dagens skogbrukspraksis.

Forlengde omløpstid, det vil seie at skogen får stå lenger enn det som vanlegvis blir rekna som hogstmoden skog, kan vere bra både for klima og naturmangfald, men vere utfordrande for tilgangen på biomasse til skogindustrien.

Ulik skog krev ulik forvaltning

Rapporten identifiserer klare målkonfliktar mellom intensiv skogsdrift og å ta vare på naturverdiar. Forskarane peikar på at arealdifferensiering i skog kan redusere desse konfliktane. Dette inneber at dei produksjonsretta tiltaka blir konsentrerte på eigna areal i produksjonsskog, medan skog med høgare naturverdiar i større grad blir skjerma mot inngrep, eller blir driven meir skånsamt.

− Gjennom meir målretta tiltak og tydelegare inndeling av ulike skogareal i forvaltninga er det mogleg å styrkje bidraget skogen har til klimamåla og samtidig ta vare på naturverdiane, seier miljødirektøren.

− Differensiert skogforvaltning har så langt vore nytta i Noreg for å vareta nærings-, miljø- og friluftsinteresser. I arbeidet til direktorata med økologisk tilstand i skog med ein meny av tiltak vart differensiert forvaltning av skogareala lagd til grunn. Det vil vere naturleg at også klimatiltak i skog følgjer same tilnærming, seier administrerande direktør i Landbruksdirektoratet, Eli Reistad.

Vidare kunnskapsutvikling nødvendig

Betre kartlegging av skog er avgjerande for å identifisere og sikre viktige naturverdiar. I tillegg framhevar rapporten at det trengst meir kunnskap om mellom anna langsiktige klimaeffektar på jordkarbon, samspel mellom hogststrategiar og naturmangfald, og korleis klimaendringar vil påverke ulike treslag og skogtypar.

Berekraftig bruk og bevaring av skog er eit sentralt tema i naturmeldinga. For skogareal som ikkje er verna er målet å forbetre den økologiske tilstanden, samtidig som det blir lagt til rette for eit aktivt og berekraftig skogbruk i produksjonsskog og ei konkurransedyktig skognæring. Forvaltninga av skog speler også ei nøkkelrolle i arbeidet med å oppfylle Noregs klimaforpliktingar, i samarbeid med EU.