27 millionar til opprydding av marin forsøpling

Miljødirektoratet gir i år tilskot til 20 prosjekt som skal førebyggje og rydde opp marin forsøpling langs kysten.

Publisert 03.03.2026

– Plastforsøpling er ein av vår tids største miljøutfordringar. Rundt om i heile landet plukkar frivillige opp plast langs elvar og strender og gjer kysten og havet litt reinare, dag for dag. Det er viktig å støtte prosjekt som bidreg til eit Noreg med mindre plast i naturen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I år fekk Miljødirektoratet inn 42 søknadar om totalt 69 millionar kroner. Av dette har direktoratet fordelt i overkant av 27 millionar kroner på 20 prosjekt. Dei fleste av prosjekta blir gjennomførte i 2026 og 2027, medan eitt prosjekt får tilskot heilt til 2028.  

– Vi veit at innsatsen mot marin forsøpling gir resultat, og vi er glade for å kunne støtte prosjekt som bidreg til å fjerne plast samtidig som dei førebyggjer framtidig forureining, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet. 

Direktoratet har også i år prioritert store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale oppryddingstiltak, og som legg til rette for stor frivillig innsats.

Frivilligheita speler ei nøkkelrolle

I år er det igjen mange friluftsråd og organisasjonar som får støtte. Dei legg til rette for frivillige ryddeaksjonar og bidreg til å skape haldningsendring i lokalsamfunn over heile landet. 

– I tillegg til å fjerne plast frå naturen, er midlane viktige i det haldningsskapande arbeidet. Engasjementet aukar når folk sjølv er ute og ryddar og ser korleis forsøplinga skader natur og dyreliv, seier miljødirektøren.

Nærare 1 800 tonn plast rydda i 2025

I 2025 var det registrert at det er rydda nærare 1 800 tonn marin forsøpling fordelt på 7 035 ryddeaksjonar. Tala inkluderer all registrert rydding, også den som ikkje har fått tilskot frå Miljødirektoratet. 

Data blir samla inn gjennom ryddeverktøya Runne hav og Rydde, som gjer det mogleg å sjå utviklinga nasjonalt og lokalt. 

Dette var det rydda flest av i 2025

  • Sigarettsneipar (24 015)
  • Uidentifiserte plastbitar under 50 cm (16 156)
  • Fiskekrokar (sluk, dupp, osb.) (11 162)
  • Snusposar (porsjon) (10 646)
  • Tau – under 50 cm (8712)
Lenkjar

Prosjekt som søkjer om midlar til å gjennomføre tiltak i Oslofjorden blir behandla gjennom Miljødirektoratets tilskotsordning for tilskot til vassmiljøtiltak, restaureringstiltak Oslofjorden, kalking og anadrome laksefisk.