Snøugla inn på global bevaringsliste etter norsk forslag
Snøugla er no sett på Bonnkonvensjonens bevaringsliste. Større internasjonal merksemd kan gi nytt håp for den kritisk trua arten.
– Snøugla kjenner ingen landegrenser. Derfor må også vernet av arten gå på tvers av dei. At snøugla no blir teken inn på Bonnkonvensjonens bevaringsliste, er ei internasjonal anerkjenning av kor kritisk situasjonen er. Samtidig markerer det starten på eit tettare internasjonalt samarbeid for å ta vare på snøugla. Dette kan gi nytt håp for den kritisk trua arten, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Det at Noreg fekk gjennomslag for å få snøugla inn på Bonnkonvensjonens bevaringsliste, er eit viktig steg for å verne henne betre. Dette er ein art som treng felles internasjonal innsats, fordi snøugla flyttar seg over enorme avstandar i heile Arktis, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
På verdsbasis har bestanden av snøugler vorte redusert med omtrent ein tredel dei siste tre tiåra. På den internasjonale raudlista fekk snøugla i 2017 status som sårbar, medan han på den norske raudlista frå 2021 vart løfta til kritisk trua. Kritisk trua er den mest alvorlege kategorien i raudlistene, og betyr at det er svært svært sannsynleg at snøugla er borte som hekkefugl ti år fram i tid.
Noregs forslag om å få snøugla på Bonnkonvensjonens bevaringsliste (II) vart vedteke under partsmøtet 23.-29. mars i Brasil. At snøugla no blir teke inn på lista viser at det er internasjonal semje om og vilje til å jobbe saman om bevaring av snøugla.
Ein start – men krevjande bevaringsarbeid
At snøugla blir sett på bevaringslista til Bonnkonvensjonen er eit godt stad å starte, men løyser ikkje alle utfordringar. Snøugla hekkar sirkumpolart (rundt Nordpolen), i landa Noreg, Sverige, Finland, Grønland, Russland, USA og Canada. Av desse er det berre Noreg, Sverige, Danmark og Finland som er partsland i Bonnkonvensjonen.
Listinga fører ikkje automatisk til fleire øyremerkte midlar til bevaringsarbeid, men vil styrkje og stimulere til vidareutvikling av det internasjonale samarbeidet for å bevare arten.
Listinga av snøugle vil også gjere det enklare å halde fram og utvikle den norske innsatsen i bevaringsarbeidet.
Norske forskarar deltek i eit internasjonalt samarbeid med forskarar frå fleire land i utbreiingsområdet til snøugla. Gruppa jobbar med å gi ei grundig statusvurdering for arten, inkludert populasjonsstorleik, utbreiing, spreiing og overlevingsratar. Noreg har i ei årrekkje støtta systematisk forsking på og overvaking av denne ikoniske arten.
– Det er viktig å halde fram med kontinuerleg overvaking av snøugle, fordi det er så uføreseieleg både kvar og når han dukkar opp. Med eit godt kunnskapsgrunnlag kan vi setje i verk målretta tiltak når vi ser at forholda ligg til rette for hekking, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Er trua av klimaendringar
I Noreg hekka snøugla tidlegare regelmessig frå Finnmark og sørover til Dovrefjell og Hardangervidda. Men dei siste 50 åra har arten hovudsakleg berre hekka i Nord-Noreg.
– Snøugla er eit sjeldan syn i Noreg, og hekkar her berre når det er god mattilgang, som i lemenår. No ser vi at smågnagarane slit på grunn av våte og varme vintrar, og det får ringverknader for heile økosystemet, seier Hilde Singsaas.
Sist gong det var lemenår i Noreg, var i 2015.
Fordi smågnagarane er så viktige for økosystemet i fjellet, og bestandane er sårbare for klimaendringar, vart det i 2023 sett i gang eit overvakingsprogram for smågnagarar i fjellet. Overvaking viser at bestandane av mus og lemen blir påverka negativt av dårlege vinterforhold.
Tips SNO om snøugle
Gjennom overvakinga av snøugle, oppdagar vi tidleg på våren om snøuglene vil prøve seg på eit hekkeår i Noreg. Statens naturoppsyn (SNO) blir varsla, slik at dei kan setje inn ressursar på tilsyn og nødvendige tilrådingar for å skjerme hekkelokalitetane.
Vi oppmodar til å tipse SNO om du observerer snøugle.
Sårbart mål for miljøkriminalitet
Ulovleg eggsanking var noko ein trudde høyrde fortida til, men fleire saker dei seinare åra viser at dette framleis er eit problem. Sanking og handel med egg frå trua artar er ulovleg og bidreg til å gjere ein vanskeleg situasjon endå verre for sårbare artar.
– Faunakriminalitet er eit alvorleg problem. Noreg er eitt av få land snøugla hekkar i, og fordi ho lever i område der folk flest sjeldan ferdast, er den ekstra sårbar for eggsamlarar. For artar som slit, kan ulovleg eggsanking bidra til utrydding, seier Hilde Singsaas.