Tatovørane har teke grep
Miljødirektoratets tilsyn av tatoveringsblekk viser at stadig fleire produkt oppfyller krava som skal verne mot helsefarlege stoff.
– Vi er fornøgde med at ingen av dei 37 tatoveringsblekka vi kontrollerte, hadde farlege stoff over grenseverdiar. Tilsynet gir oss god oversikt over kva som finst i marknaden. Ansvaret for at produkta følgjer regelverket, ligg hos kvar enkelt verksemd, seier seksjonsleiar Pål Nesteby i Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet kontrollerte 12 studio som tilbyr tatovering eller permanent sminke, og følgde deretter opp med tilsyn hos to norske importørar. Målet var å sjekke om blekka dei bruker er trygge og lovlege.
Klar forbetring sidan 2023
Ingen av tilsyna avdekte farlege stoff over grenseverdiar. Men omtrent halvparten av blekka hos studioa hadde manglar i merkinga. Det er likevel ei tydeleg forbetring sidan sist tilsyn.
I 2023 hadde nesten alle studioa som vart kontrollerte feil eller manglar på etikettane til blekka. I 2025 gjaldt dette omtrent halvparten. Det viser ei klar forbetring hos tatovørane. Den vanlegaste feilen var at merkinga ikkje var på norsk.
Dette krev regelverket
I 2022 vart tatoveringsblekk omfatta av EUs kjemikalieregelverk Reach. Bakgrunnen er at fargestoffa i blekk kan gi kroniske allergiske reaksjonar, hudproblem og i verste fall kreft eller skader på arvestoff og forplantningsevne.
Regelverket krev full ingrediensliste og norsk merking når produktet blir selt i Noreg. Setninga «Stoffblanding til bruk i tatoveringar eller permanent sminke» skal også vere påført etiketten.
– Det er viktig at verksemdene sjekkar at blekkprodukta dei kjøper frå importørane er trygge å bruke på kundane. Dei bør vere spesielt merksame på produkt som blir importerte frå land utanfor EU/EØS, sidan regelverket ikkje er like strengt som innan Europa, seier Pål Nesteby.
Importørane bestod kontrollen
Etter kontrollen hos studioa følgde Miljødirektoratet opp med tilsyn hos dei to norske importørane flest tatovørar oppgav å kjøpe blekk frå.
Eit funn var at begge sel øveblekk som ikkje oppfyller krava i Reach. Begge kunne dokumentere at blekka ikkje inneheld helsefarlege stoff.