Bildekk er største kjelde til mikroplast i Osloluft

Målingar viser at partiklar frå bildekk utgjer rundt 75 prosent av mikroplasten i luftprøver frå Sofienbergparken i Oslo.

Publisert 04.11.2026

 – Overvaking over tid viser at bildekkpartiklar er ei stor kjelde til mikroplastforureining. Effektive tiltak som minskar spreiinga av mikroplast frå bildekk bør derfor prioriterast, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Resultata frå Mikronor-målingane i år støttar funn frå tidlegare års overvaking om at bildekkpartiklar er ei stor kjelde til mikroplast i miljøet. 

Bildekkpartiklar utgjer 75 prosent av mikroplast i urban luft

Målingar frå Sofienbergparken i Oslo viser at den største kjelda til mikroplast i lufta er bildekk. Miljødirektoratet overvaker mengda og samansetninga av mikroplast i luft frå mellom anna Sofienbergparken i Oslo, frå Agder og Svalbard.

I 2025 vart det samla inn 12 prøver gjennom året frå kvar stasjon, kvar over ein periode på 14 dagar. Det vart målt eit gjennomsnittleg nedfall av mikroplast på 550 mikrogram per kvadratmeter per døgn for Sofienberg.

Resultata var på omtrent same nivå som for 2024. Bildekkpartiklar vart funne i alle dei undersøkte prøvene og utgjorde omtrent 75 prosent av mikroplastmengda.

Målingane viser ein tydeleg forskjell mellom Sofienberg og dei meir avsidesliggjande stasjonane med rundt 13 gonger meir mikroplast i gjennomsnitt enn ved målestasjonen i Agder og omtrent 30 gonger meir enn gjennomsnitt for Svalbard.

Mest bildekkpartiklar i mars og november

Mengda bildekkpartiklar i luftprøvene frå Sofienbergparken varierte gjennom året. Dei høgaste nivåa vart målte i mars og november. Periodane med mest målt mikroplast fall saman med periodane då mange skifte mellom vinter- og sommardekk. Eit liknande mønster vart observert i målingane for 2024. 

Rapporten peikar på køyring med vinterdekk på berre vegar og oppkvervling av vegstøv som moglege forklaringar. Det er likevel ikkje mogleg å slå fast ut frå desse målingane åleine kor mykje skifta mellom vinter- og sommardekk bidreg.

Trafikk, vind- og vegforhold, oppkvervling av partiklar som allereie ligg på bakken og andre lokale kjelder til mikroplast kan påverke resultata.

Bildekkpartiklar hamnar i fjord og ferskvatn

Luftmålingane er del av eit større bilete. Miljøovervaking har vist at bildekkpartiklar blir spreidde vidare frå utsleppskjelda og dominerer i fleire typar miljø.

Tidlegare undersøkingar i Oslo har funne høge nivå av bildekkpartiklar i urban avrenning og i såkalla sandfang som reinsar overvatnet frå vegane. I enkelte sandfang utgjorde bildekkpartiklar rundt ein firedel av massane. Dette viser at sandfang kan halde tilbake ein del av partiklane før dei blir transporterte vidare med overvatnet.

Mikroplasten som ikkje blir fanga opp blir sleppt vidare ut i miljøet. Bildekkpartiklar samlar seg i sedimenta i Oslofjorden, og det er også funne relativt høge nivå i sediment i ferskvatn som Mjøsa.

Bildekkpartiklar er også påviste i blåskjel frå Oslofjorden.

Bildekk spreier også skadelege kjemikaliar

Betydninga av utslepp frå bildekk handlar ikkje berre om sjølve mikroplastpartiklane. Bildekk består av naturgummi, syntetisk gummi og ei rekke kjemikaliar som følgjer med partiklane ut i miljøet. Nokre av desse stoffa er skadelege for miljøet.

Anna miljøovervaking i regi av Miljødirektoratet har påvist dekkrelaterte kjemikaliar i mellom anna ærfugl og gråmåse frå Oslofjorden. Det viser at problemet ikkje berre handlar om sjølve mikroplastpartiklane, men også at kjemikaliar frå dekk kan takast opp i levande organismar og inngå i næringskjeda.

Slik kan utsleppa frå bildekk reduserast

Av omsyn til helse og miljø er det viktig å redusere spreiinga av bildekkpartiklar. Fleire tiltak kan bidra:

  • Mindre biltrafikk reduserer utslepp frå dekkslitasje.
  • Lågare fart, mellom anna gjennom miljøfartsgrenser, kan redusere dekkslitasje og oppkvervling av partiklar frå vegbanen.
  • Vegreingjering kan fjerne partiklar før dei blir kvervla opp eller blir spreidde vidare.
  • Nytt regelverk i EU skal bidra til at dekk frigir færre gummipartiklar ved køyring og består av meir miljøvennlege materiale.

Relaterte saker