Varslar lovbrotsgebyr for ulovleg sal av varmepumper
Ein utanlandsk nettbutikk har fått varsel om lovbrotsgebyr på 50 000 kroner for sal av varmepumper til privatpersonar i Noreg.
Nettbutikken solde utstyr utan dokumentasjon på at installasjon skal utførast av sertifisert montør.
– Det er viktig at dei som sel varmepumper har gode rutinar for å sikre at utstyr som blir leverte til private, blir monterte av sertifisert personell. Feil ved installasjon kan auke faren for utslepp av klimagassar, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet har over fleire år kontrollert verksemder som sel kulde- og varmepumpeanlegg med fluorhaldige gassar (f-gassar) for å sjekke om dei overheld krava om at installering av slike skal utførast av sertifisert personell og at dette skal vere dokumentert før levering av anlegga finn stad.
Utslepp kan forsterke den globale oppvarminga
Krava følgjer av EUs f-gassforordning, som vart innførte i produktforskrifta i 2019, og som skal sikre at installatør har tilstrekkeleg kompetanse til å hindre utslepp av fluorhaldige gassar frå kjøle- og varmeanlegg. Mange av f-gassene er sterke klimagassar, som bidreg til den globale oppvarminga.
Mykje av salet av utstyr med f-gasser skjer gjennom nettbutikkar. Miljødirektoratets tilsyn omfattar både norske nettbutikkar og utanlandske føretak som sel utstyr på den norske marknaden. Tilsynet omfattar også fysiske utsalsstader i Noreg.
Første gong lovbrottsgebyr blir brukt i slike kontrollar
Etter eit tips, gjennomførte Miljødirektoratet eit digitalt tilsyn av ein utanlandsk nettbutikk (basert i Sverige) som sel utstyr til norske kundar. Det vart avdekt at verksemda selde varmepumper utan å krevje dokumentasjon om at monteringa skulle skje av sertifisert personell.
Dette er første gong Miljødirektoratet varslar lovbrottsgebyr for ulovleg sal av varmepumper etter at Miljødirektoratet i 2023 fekk høve til å ilegge dette ved brot på f-gassregelverket.