Det er plikta di å melde frå om påkøyrt dyr

Du skal straks stanse og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til.

Følg denne sjekklista:

  1. Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gi førstehjelp.
  2. Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  3. Ring Politiet på 02800 og meld frå om påkøyringa.

Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.

  • Merk påkøyringsstad – dette for å kunne spore skadde dyr.
  • Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøkshunden sitt arbeid.

Ansvarlege styresmakter ved påkøyring av vilt på veg

Alle desse etatane bør ha gjensidig kontakt for å unngå misforståingar om korleis dyret skal handterast.

Ansvarlige styresmakter ved påkøyring på jernbane

Alle påkøyringar skal rapporterast i Hjorteviltregisteret

Kommunen skal rapportere alle påkøyringar på veg og jernbane i Hjorteviltregisteret. Dette gjeld uavhengig av om dyret døyr eller ikkje.

Kommunen sitt ettersøkspersonell kan alternativt rapportere hendinga direkte til Hjorteviltregisteret via Miljødirektoratet sin Fallviltapp.

Kommunen kan avtale med vegentreprenør eller Bane NOR at dei melder påkøyringa til kommunen via Fallviltappen dersom hjortevilt blir køyrd direkte til destruksjon.

Kommunen sitt ettersøksarbeid

  • Alle som utfører fallviltarbeid, skal ha nødvendig kompetanse og forsikringar knytte til arbeidet. Kommunen har ansvar for å teikne nødvendig forsikring dersom ettersøkspersonell er tilsette i kommunen.
  • Arbeidsvarslingsskurs og arbeidsvarslingsplanar er pålagt frå Statens vegvesen.
  • Kommunen kan overlate den praktiske utførelsen av ettersøksarbeidet til andre.
  • Kommunen skal bruke hundekvipasjar som er registrerte i ettersøkshundregisteret godkjent for offentleg ettersøk.

Uttak av prøvar for å teste dyr for skrantesjuke er ikkje ein jobb vegentreprenørane eller BaneNOR normalt tar på seg.