Endringane i forureiningsforskrifta kapittel 20 om mottak av avfall og lasterestar frå skip i hamn tredde i kraft 1. oktober 2023.  

Forskrifta har fleire og tydelegare krav når det gjeld mottak av sortert avfall til gjenbruk og materialgjenvinning. Hamner som blir anløpte av fiskefartøy skal også leggje til rette for mottak av oppfisket avfall gratis.

Det generelle gebyr hamner krev inn, skal no også omfatte fiskefartøy og fritidsbåtar i hamner der det blir levert avfall.

 Forskrifta gjeld for mange typar hamner, som:

  • kommunale eller interkommunale hamnar, til dømes offentlege trafikkhamner med vidare
  • fiskerihamner
  • småbåthamner
  • andre private hamnar for fritidsbåtar

Avfallsmottak ut frå hamnas behov

Hamneansvarleg, anten det er leiar for ei båtforeining, driftsansvarleg for eit fiskemottak eller ein hamnesjef for ei cruisehamn, skal etablere avfallsmottak ut frå behovet til fartøya som nyttar hamna. Hamner skal ha ein avfallsplan for levering og mottak. Planen må beskrive korleis mottaket er organisert og korleis han varetek føresegnene i forskrifta. Det er vesentleg at fartøy kan levere avfallet sitt på ein god og effektiv måte, og at ein legg til rette for ombruk og materialgjenvinning.

Kort om regelverksendringen

Formålet med endringa i forureiningsforskrifta kapittel 20 er å verne havmiljøet ved å auke tilgangen til og bruken av mottaksordningar for avfall frå skip i hamner. Endringane er i tråd med det nye skipsavfallsdirektivet (EU 2019/883), som vart vedteke i 2019.

Rettleiar - veileder

Rettleiaren er for kommunar, hamneansvarlege og statsforvaltarar. Innhaldet omfattar mellom anna pliktene til hamneansvarlege, krav om og innhald i avfallsplanar i hamner, involvering med brukarane i hamna, innkrevjing og berekning av avfallsgebyr. 

Rettleiar finn du her:

Rettleiaren tek for seg:

  • kva ein avfallsplan skal innehalde
  • kven som er ansvarleg for å lage han
  • korleis ramma partar skal involverast
  • innkrevjing av avfallsgebyr

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid