Hamneansvarleg pliktar å utarbeide ein avfallsplan i samråd med rørte partar, herunder spesielt brukarar av hamna eller representantane deira.

Nærliggjande hamner kan samarbeide om ein felles avfallsplan føresett at mottaksordninga blir beskriven for kvart kaianlegg.

Avfallsplanen skal sendast statsforvaltaren for godkjenning. Det er viktig at mottaksordninga er i samsvar med planen. Kvart 5. år skal planen reviderast og blir send statsforvaltaren til ny godkjenning. Ved etablering av ny hamn skal godkjend avfallsplan liggje føre før hamna blir teken i bruk.

Lag oversikt over hamner i eigen kommune

Kommunen skal lage ein oversikt over alle hamner i eigen kommune og sende denne til statsforvaltaren. Kommunen pliktar å oppdatere denne lista løpande og melde frå til statsforvaltaren. Oversikta blir laga i malen "Oversikt over hamner i kommunen".

Oversikta skal omfatte følgjande typar hamnar så langt desse finst i kommunen:

  • Kommunale eller interkommunale hamnar, til dømes offentlege trafikkhamner med vidare
  • Industrihamner
  • Fiskerihamner
  • Småbåthamner og marinaer
  • Andre private hamnar for fritidsbåtar

Kort om regelverksendringen

Forurensningsforskriften kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterester fra skip ble fastsatt 3. oktober 2013. Nytt skipsavfallsdirektiv (EU 2019/883) ble vedtatt i 2019, og forurensningsforskriften kapittel 20 er endret i tråd med bestemmelsene i direktivet.

Rettleiar - veileder

Nytt regelverk trer i kraft 1. oktober 2023. Miljødirektoratet har laga rettleiing som fortel korleis planane skal lagast.

Rettleiaren er hovudsakleg retta mot kommunar og hamneansvarlege, men rettleier òg statsforvaltaren i arbeidet med å godkjenne avfallsplanane.

Rettleiar finn du her:

Rettleiaren tek for seg:

  • kva ein avfallsplan skal innehalde
  • kven som er ansvarleg for å lage han
  • korleis ramma partar skal involverast
  • innkrevjing av avfallsgebyr

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid