Kva er forsøpling?

I forureiningslova blir avfall på avvege definert som forsøpling. Forsøpling er forboden. Det betyr at ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet. Den som har forsøpla skal sørgje for naudsynt opprydding. Dette følgjer av forureiningslova § 28.

Korleis avgjere om noko er forsøpling?

Forsøpling er avfall på avvege. Avfall er definert i forureiningslova § 27, under er dei ulike omgrepa i lova forklart. 

Eksemplar på forsøpling

Enkeltgjenstandar eller delar av gjenstandar som er kasta eller mista, til dømes flasker, snus, plastposar, leidningar og batteri. Og gjenstandar/skrot som er lagra ulovleg, til dømes bilvrak, samt mange gjenstandar dumpa på same stad i naturen, til dømes ulovlege fyllingar.

Kven er ansvarleg for forsøpling? 

Dei som har forsøpla har ansvar for å rydde opp. Etter forureiningslova kan også andre enn den som har forårsaka forsøplinga bli heldt ansvarleg og bli pålagt å rydde opp. 

Du kan lese meir om korleis ein avgjer kven som er ansvarleg i vår rettleiar til kommunen: 

Når er det også forureining?

Det at noko er definert som forsøpling, utelukka ikkje at det også kan utgjere ei fare for forureining. Dersom avfall på avvege medfører forureining eller fare for forureining, vil lova sine reglar om forureining gjelde i tillegg til reglane om forsøpling.

Forureining blir forstått mellom anna som tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vann eller i grunnen som er eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet. Til dømes vil ein grunneigar som lagrar bilar over lang tid, men ikkje sikrar dei godt nok mot forureining, omfattast av forbodet. Dette gjeld uavhengig av om bilane er å rekne som avfall eller ikkje. I tilfelle der det er fare for forureining, er det altså ikkje alltid avgjerande å ta stilling til om det er snakk om avfall eller ikkje, fordi ein også kan bruke forureiningslova sine paragrafer om forureining.

Kommunen er styresmakt

Kommunen er forureiningsstyresmakt for forsøpling etter forureiningslova, og har ansvar for å følgje opp forsøplingssaker i kommunen. Dette følgjer av forureiningslova § 37 og av rundskriv T-5/98 om kommunen si myndigheit og pliktar etter forureiningslova.

Kommunen kan gi pålegg til den ansvarlege om opprydding eller om å dekkje kostnader som nokon har hatt til opprydding. Privatpersonar, organisasjonar og andre føretak kan be kommunen om å gje den ansvarlege slikt pålegg. 

Kommunen har plikt til å vurdere og behandle førespurnaden din.

Kommunen si avgjerd i saka er eit enkeltvedtak sjølv om det ikkje er gitt pålegg. Det kan dermed også klagast på avgjerda om å ikkje gje pålegg. Det vil seie at du kan sende ei klage til kommunen din på at du er ueinig i deira avgjerd om å ikkje gjere noko i saka.

Kommunen skal behandle saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal kommunen sende eit førebels svar og opplyse om kvifor behandlinga tek tid, og når du kan vente svar. 

Dersom du ikkje har fått svar etter ein månad, bør du kontakte kommunen og be om ei oppdatering i saka. 

Er du usamd i avgjerda kommunen har fatta, kan du klage. Klaga bør vise til førespurnaden du sende inn, kommunen si avgjerd og retten til å klage etter forureiningslova § 37 tredje ledd. 

Klaga skal sendast til kommunen. Informasjon om kvar klaga skal sendast, finn du vanlegvis på kommunen sine nettsider.

Miljødirektoratet sitt ansvar

Miljødirektoratet har ansvar for å forme ut, forvalte og rettleie om regelverket som gjeld forsøpling.

Vi har ikkje myndigheit til å følgje opp forsøplingssaker, og kan heller ikkje kontrollere oppfølginga frå kommunen.

Alle tips og varslar om forsøpling skal sendast til kommunen der forsøplinga har skjedd. 

Ulovlege avfallsplassar og villfyllingar

Mange av landets ulovlege avfallsplassar inneheld avfall som kan vere skjemmande og avfall som både eer skjemmande og kan medføre fare for forureining. Til dømes vil det ofte finnast byggavfall, elektrisk- og elektronisk avfall og hageavfall på ein og same avfallsplass.

Dersom det først er etablert ein ulovleg avfallsplass ein stad, vil plassen ofte tiltrekkje seg meir avfall. Dette gjeld uavhengig av om grunneigaren veit om det eller ikkje. Difor er det gunstig å gripe fatt i problemet tidleg medan kostnadene er låge og det ikkje er så ressurskravande å rydde opp.

Meir om ulovlege avfallsplassar:

Korrekt handtering av avfall kan hindre forureining

Det er fleire tiltak du kan gjere for å hindre forureining.

Lever kasserte køyretøy og fritidsbåtar til godkjent mottak. Då blir dei handterte på ein måte som reduserer risikoen for forureining. 

Det finst vrakpantordningar for både køyretøy og fritidsbåtar. Les meir på sidene om vrakpant og mottak av kasserte fritidsbåtar:

Viss du arbeider for ei bedrift som importerer eller produserer køyretøy, skal bedrifta delta i returordning for kasserte køyretøy:

 

Kommunen har ansvar for hushaldsavfall, også frå hytter og fritidsbustader. Kommunen skal ha løysingar for avfall som ikkje kan kjeldesorterast heime, til dømes: 

  • batteri
  • møblar
  • kvitevarer
  • hageavfall 

Plast som hamnar i naturen kan brytast ned til mikroplast. Mikroplast blir verande lenge i miljøet og kan skade både dyr og menneske. 

Plast som er merkt som «bioplast» eller bionedbrytbar plast, skal heller ikkje kastast i naturen. Slike produkt må handterast gjennom vanlege avfallsordningar eller etter eigne krav for produktet. 

Verksemder kan bidra til å redusere forsøpling ved å lagre plastprodukt og plastavfall på ein sikker måte. 

Softgun-kuler er ofte laga av plast. Sjølv om dei kan vere merkte som bionedbrytbare, blir dei vanlegvis ikkje brotne ned i naturen under norske forhold. Kulene kan bli etne av dyr eller brytast ned til mikroplast. Å etterlate slike kuler i naturen er derfor i strid med forsøplingsforbodet. Den som forsøplar, kan få pålegg om opprydding. 

Brot på forsøplingsforbodet kan også føre til tvangsmulkt eller straff. 

Tips og hjelp til å rydde

Rettleiing til kommunen

Fakta om forsøpling i Noreg