Miljødirektoratet kan ta hand om vanskelege saker
I særleg vanskelege saker kan Miljødirektoratet bestemme at Miljødirektoratet eller fylkesmannen skal ta hand om ei kapittel 2-sak, i staden for kommunen, jamfør forureiningsforskrifta kapittel 2-2 tredje ledd.
Der det ikkje er planlagd bygging eller graving er Miljødirektoratet eller fylkesmannen forueiningsmyndigheit
- I grunnforureiningssaker der det trengst opprydding, men det ikkje er planlagt byggje- og gravearbeid er Miljødirektoratet forureiningsmyndigheit. Miljødirektoratet kan påleggje undersøkingar og oppryddingstiltak etter forureiningslova § 51 og § 7.
- For dei bransjane som er delegera til fylkesmannen har fylkesmannen myndigheit tilsvarande Miljødirektoratet, og kan påleggje undersøkingar og opprydding.
- Kommunen har ikkje myndigheit til å pålegge undersøkingar eller oppryddingstiltak etter forureiningslova på eigedomar med forureina grunn når det ikkje er planlagd bygging eller graving.
Fylkesmannen er forureiningsmyndigheit for tiltak i sjø
- Forureiningsforskrifta kapittel 2 omfattar ikkje mudring og dumping i sjø og vassdrag, som fell innanfor rekkjevidda til forureiningsforskrifta kapittel 22. Her er det fylkesmannen som er myndigheit.
- Kapittel 22 gjeld all mudring og dumping frå skip. Mudring og dumping frå land fell inn under § 7 forureiningslova, og fylkesmannen har løyve til å behandle desse sakene etter forureiningslova § 11.
- For tiltak på land som blir behandla etter forureiningsforskrifta kapittel 2 og som strekkjer seg ut i sjøen, bør rett myndigheit vurderast i kvar enkelt sak. I slike saker må kommunane og fylkesmannen bli einige om kven som skal vere myndigheit i den konkrete saka.