Godkjenne og følgje opp tiltaksplan om forureina grunn

Tiltakshavar skal vurdere om det er ureining i grunnen der det skal skje byggjing og graving. Dersom det er, eller er mistanke om forureina grunn skal tiltakshavar undersøke grunnen. I fall det er ureining der skal tiltakshavar lage ein tiltaksplan.

Kommunen skal behandle og følgje opp tiltaksplanen om forureina grunn, jamfør § 2-8. I byggje- og gravesaker i lokalitetar der Miljødirektoratet eller fylkesmannen er forureiningsmyndigheit, bør kommunen behandle tiltaksplanen i samråd med Miljødirektoratet eller fylkesmannen.

 

Krevje at tiltakshavaren brukar føretak eller konsulentar med særleg kompetanse på undersøkingar og utarbeiding av tiltaksplanar

Kommunen skal i stor grad kunne leggje arbeidet desse gjer til grunn når kommunen behandlar saker. Kommunen kan òg bruke andre føretak eller konsulentar i den faglege vurderinga av dei innkomne søknadane og tiltaksplanane. Kostnadane til dette kan inngå i gebyret kommunen kan ta for behandling av kapittel 2-saker. Heimel er § 2–7.

Føre tilsyn

Kommunen kan når som helst i prosessen føre tilsyn med forureina grunn i byggje- og gravearbeid, jamfør § 2–11.

Fastsetje gebyrforskrift

Kommunen kan fastsetje forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll, jamfør § 2– 12.

Graving som ikkje omfattast av plan- og bygningslova, men er innanfor forureiningsforskrifta skal óg behandlast

Visse tiltak, som graving av kabel- og rørtrasear fell innanfor forureiningsforskrifta kapittel 2, dersom det er grunn til å mistenkje forureina grunn. Det er kommunen som skal behandle desse sakene. Desse tiltaka er unnatekne frå plan- og bygningslova og byggjesaksforskrifta, slik at dei oftast ikkje kan fangast opp gjennom sakshandsaminga etter plan- og byggjesakslova. 

Krevje utgreiing om mogelege helsemessige konsekvensar

Kommunen er den lokale helsemyndigheita etter folkehelselova kapittel 3. Med heimel i folkehelselova kan kommunen krevje at det blir gjort utgreiingar ved ein eigedom eller ei verksemd for å avdekke moglege helsemessige konsekvensar jamfør § 11. Til dømes kan kommunen krevje undersøking av jorda i barnehagar og på leikeplassar.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid