Hovudregelen er at ein reknar grunn der konsentrasjonen av helse- eller miljøfarlege stoff er over normverdien som forureina, jamfør vedlegg 1, kapittel 2 av forureiningsforskrifta.
Grunn der konsentrasjonen av uorganiske helse- eller miljøfarlege stoff ikkje overstig det lokale bakgrunnsnivået, reknar ein likevel ikkje som forureina. Unntak gjeld der jorda eller berggrunnen dannar syre i kontakt med vatn og luft, som til dømes alunskifer.
Merk at regelverket òg gjeld for gravearbeid og terrenginngrep der ein ikkje har søknadsplikt i følgje plan- og bygningslova.