Oljetankar som ikkje er nedgravne

Forureiningsforskrifta kapittel 1 om nedgravne oljetankar gjeld berre for oljetankar som er nedgravne. Kommunen kan, i si lokale forskrift, ikkje stille krav til andre typar av oljetankar som til dømes kjellartankar og overgrunnstankar med oljeprodukt.

Kommunen si myndigheit for nedgravne oljetankar etter Rundskriv T-5/98, som gjer kommunen myndigheit etter forureiningslova for nedgravne oljetankar og forureining frå desse, er òg avgrensa til dei oljetankane som er nedgravne.

Dersom ein tank ikkje er nedgraven, kan han komme inn under kapittel 18 i forureiningsforskrifta dersom han er større enn 10 m​3. Miljødirektoratet eller fylkesmannen er myndigheit etter denne forskrifta.

Nedgravne tankar med andre typar av olje

I forureiningsforskrifta kapittel 1 er omgrepet "olje" definert som "alle petroleumsprodukt med flammepunkt over 23 °C". Det betyr at forskrifta og kommunens myndigheit berre gjeld nedgravne tankar med til dømes diesel, parafin og fyringsolje – altså konvensjonelle mineraloljeprodukt med petroleumsopphav som det heller ikkje er knytt særskild brann- og eksplosjonsfare til.

Nedgravne bensintankar kjem ikkje under kapittel 1 i forureiningsforskrifta, fordi flammepunktet til bensin er lågare enn 23 °C. Det er knytt særskild brann- og eksplosjonsfare til slike petroleumsprodukt. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har forskrifter og rettleiing om dette.

Nedgravne tankar med biobrensler (til dømes biofyringsolje, bioparafin m.m.) er ikkje omfatta av forskrifta og kommunen si myndigheit, fordi desse produkta har eit anna opphav enn dei konvensjonelle mineraloljene og såleis ikkje er eit petroleumsprodukt.

Nedgravne oljeutskiljarar, nedgravne tankar med spillolje og forureining frå desse er ikkje omfatta av forskrifta og kommunen si myndigheit. Dette fordi olja i desse falla er avfall og ikkje lengre eit produkt. Kommunen er likevel myndigheit for utslepp av oljeholdig avløpsvann frå enkelte verksemder etter forureiningsforskrifta kapittel 15 (Krav til utslepp av oljeholdig avløpsvann).

Kommunen kan ikkje ta gebyr for handsaming etter forureiningsforksrifta kapittel 1

Forureiningsforskrifta kapittel 1 har inga bestemming som gjer kommunen anledning til å ta gebyr for til dømes tilsyn eller handsaming av søknadar etter denne forskrifta. Det er ikkje fastsett forskrift om gebyr på dette området med heimel i forureiningslova § 52a.

Kommunen kan heller ikkje krevje inn gebyr for slik sakshandsaming etter forureiningsforskrifta kap. 39, då kommunen ikkje er forureiningsmyndigheit etter dette kapittelet (jamfør § 39-1, andre ledd).

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid