Avgrensa mogelegheit til å stille krav

Kommunen har avgrensa moglegheit til å stille krav til verksemdene og aktørane som tek på seg jobben med å tømme, reingjere, fjerne og/eller fylle att nedgravne oljetankar. Slik verksemd er omfatta av anna regelverk som kommunen ikkje rår over. Kommunen kan likevel ha nytte av å kjenne til dette – mellom anna for å rettleie innbyggarane og aktørane i kommunen, og fordi kommunane sjølv ofte eig og driv avfallsmottaka som tek imot tankar som vert gravne opp.

Jamfør § 1-10 i forureiningsforskrifta kapittel 1 skal kommunen stille kvalifikasjonskrav til dei som skal utføre tilstandskontroll på nedgravne tankar, gitt at kommunen har fastsett denne som ei lokal forskrift. Kommunen kan likevel ikkje fastsette krav i forskrifta til dei aktørane som skal tømme, reingjere, fjerne eller fylle att nedgravne tankar. 

Miljødirektoratet driv inga ordning for godkjenning eller sertifisering av verksemder som tømmer, reingjer og fjernar eller fyller igjen nedgravne oljetankar.

Aktørane og verksemdene sine plikter

Aktørane og verksemdene er omfatta av plikta i forureiningslova § 7 til å gjere tiltak for å hindre at forureining kan inntreffe. Dette stiller krav til at dei som utfører jobben med å tømme, reingjere, fjerne og/eller fyller att nedgravne tankar må ha nødvendig og relevant kompetanse.

Verksemdene og aktørane må òg overhalde reglane i avfallsregelverket, slik dette følger av forureiningslova og avfallsforskrifta. Restolje som hentast ut av tankane vil vere farleg avfall, og skal leverast til lovleg avfallsmottak. Verksemder som mellom anna tømmer og reingjer oljetankar, pliktar å deklarere dette farlege avfallet ved levering til avfallsmottaket. Denne plikta er forankra i avfallsforskrifta kapittel 11. Ordninga har erstatta tidlegare krav, som er nemnd i rettleiaren til forskrifta om nedgravne oljetankar (TA-1480 frå 1997).

Arbeidstilsynet har òg føresegner for verksemder som utfører arbeid i eller på nedgravne oljetankar, som skal sikre at arbeidet ikkje medfører nokon brann- eller helsefare. Dette er forankra i forskrift om utføring av arbeid.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid