Kommunen har òg myndigheit til å føre tilsyn og fatte vedtak om nedgravne oljetankar etter forureiningslova. Denne myndigheita har kommunen uansett om dei har fastsett forureiningsforskrifta kapittel 1 som ei lokal forskrift eller ikkje.

Kommunen kan nytte fleire heimlar i forureiningslova for å handheve forbodet mot å forureine. Mellom anna kan kommunen påleggje tankeigar å gjere tiltak med ein nedgraven tank, til dømes dersom kommunen ikkje har fastsett nokon lokal forskrift eller dersom den lokale forskrifta ikkje er sett til å gjelde tankar mindre enn 3 200 liter.

Kommunen kan òg nytte heimlane i forureiningslova til å følge opp og pålegge opprydding etter forureining frå nedgravne oljetankar.

Kvifor er kommunen myndigheit?

Kommunen si myndigheit for nedgravne oljetankar og forureining frå desse etter forureiningslova følgjer av Rundskriv T-5/98 (Kommunens myndighet og plikter etter forurensningsloven - En veiledning til kommunene) frå Miljøverndepartementet (no Klima- og miljødepartementet).

Under punkt 2.1 i rundskrivet står det skrive at "Kommunen har tilsynsmyndigheit og myndigheit til å treffe enkeltvedtak med omsyn til nedgravne oljetankar innan kommunen". Dette kan mellom anna vere pålegg om tiltak etter forureiningslova § 7 fjerde ledd eller opplysningar etter § 51.

Føre tilsyn, krevje opplysningar og gje pålegg utan lokal forskrift

Kommunen kan ikkje nytte seg av heimlane i forureiningsforskrifta kapittel 1 utan lokal forskrift. I staden må kommunen bruke si myndigheit til å gje pålegg som er heimla i forureiningslova.

Med heimel i forureiningslova kan kommunen mellom anna føre tilsyn og krevje opplysningar om tankar. Kommunen kan òg pålegge tankeigarar ulike tiltak som til dømes å gjere undersøkingar eller gjennomføre ein tilstandskontroll av tankane, eller å fjerne eller fylle att tankar som ikkje lengre er i bruk.

Kommunen kan likevel ikkje handsame søknadar om, og gje løyve til, å reingjere og fylle att tankar framfor å grave dei opp utan å ha fastsett lokal forskrift etter forureiningsforskrifta kapittel 1. Dette mellom anna fordi kommunen ikkje er delegert myndigheit til å gje løyve etter forureiningslova § 11 etter Rundskriv T-5/98.

Dersom ein kommune utan lokal forskrift etter forureiningsforskrifta kapittel 1 skulle få slike søknadar og meiner at det ikkje er forsvarleg å la ein gitt tank ligge att, kan kommunen velgje å pålegge tankeigar å fjerne tanken med heimel i forureiningslova § 7 fjerde ledd i staden.

Krevje opprydding ved forureining frå nedgravne oljetankar

Normalt vil tankeigar av eige interesse sjølv syte for opprydding etter lekkasjar frå nedgravne oljetankar. Ofte vil òg forsikringsselskapet til tankeigar bidra.

Dersom dette likevel ikkje skjer, kan kommunen pålegge tiltak m.m. med heimel i forureiningslova.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid