Innbyggjarane kan få svar frå kommunen i spørsmål om utøving av lokalt friluftsliv og allemannsretten. Denne rettleiinga gjev råd til sakshandsamaren i kommunen.

Kommunen si myndigheit

Det er kommunen si oppgåve å avklare tilhøvet til friluftslova lokalt. Det er viktig at innbyggjarane kan kontakte kommunen og få svar på essensielle spørsmål om utøving av lokalt friluftsliv.

Kommunen har ei viktig oppgåve i å hindre og løyse konfliktar. § 20 i friluftslova om utsegn i tvilsspørsmål, gjev kommunen heimel som lokalt friluftslivsorgan til å gje fråsegner om ein del sentrale tema.

 

Fråsegna er ikkje juridisk bindande vedtak. Erfaringa er at fråsegna likevel har ein viss autoritet, sidan ho både er gitt i samsvar med ei føresegn i friluftslova, og av eit lokalt friluftsorgan med heimel i friluftslova.

Ei fråsegn frå kommunen er ikkje eit bindande vedtak for partane i saka. Den vil likevel vere retningsgivande for kommunen sitt synspunkt som lokalt friluftslivsorgan, og vil ofte bli lagt til grunn i seinare enkeltvedtak.

Kommunen pliktar berre å behandle saker frå grunneigar, brukar og interesserte friluftslag, men vi vil føreslå at kommunen òg behandlar spørsmål frå andre til dømes enkeltpersonar der avgjerda vil vere av allmenn interesse.

Dette bør du vite

Det er viktig å førebyggje konflikt. Føresegna kan brukast på denne måten, og hindre at saker går til retten. Samstundes skal fråsegnene vere i tråd med friluftslova og ikkje nødvendigvis vere eit kompromiss mellom partane i saka.

Lovgrunnlaget og andre retningsliner

Grunneier, bruker eller et interessert friluftslag kan kreve at kommunen gir uttalelse om:

  • grensa mellom inn- og utmark
  • kva avstand ein raste- og teltplass skal ha frå busette hus og hytter, eller om dette opphaldet medfører skade eller ulempe for grunneigar
  • om eit stengsel eller skilt er lovleg

Som lokalt friluftslivsorgan, kan kommunen òg gi fråsegner med heimel i den generelle rettleiingsplikta, jamfør § 21 i friluftslova om friluftslivsorganene og § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver. Ein er då ikkje avhengig av at spørsmålet kjem frå grunneigar, brukar eller eit interessert friluftslag. Det kan til dømes komme frå ein privatperson.

1) Kommunen tek imot førespurnad

Grunneigaren, brukaren eller eit interessert friluftslag kan krevje ei fråsegn etter § 20 i friluftslova om utsegn i tvilsspørsmål.

Kommunen pliktar å behandle desse førespurnadene etter forarbeida til lova og av forvaltingsrettslege prinsipp. Det er naturleg at kommunen òg behandlar andre førespurnader: Eit eksempel kan vere ein turgåar som meiner å ha blitt vist bort utan rimeleg grunnlag, og ynskjer ei fråsegn om eit område er innmark eller utmark.

Ein kan ikkje alltid stille krav om at kommunen skal konkludere. Der det er godt grunngiven tvil vil kommunen kunne vise til at konklusjonen er usikker.

2) Innhente fråsegner frå partane i saka

Før ein tek ei avgjerd bør kommunen normalt innhente fråsegner frå partane i saka. Når fråsegna gjeld spørsmål om ferdselsrett over hus- eller hyttetomt, bør hus- eller hytteeigar få høve til å uttale seg.

3) Om naudsynt: Synfaring

Ofte vil det vere naudsynt med ei synfaring for å vurdere tilhøva på staden nærare. Friluftslova byggjer på eit prinsipp om at allmenta, ut frå omstenda på staden, skal kunne vurdere kva som er innmark og utmark. Det same gjeld kva som er eit ulovleg stengsel eller ulovleg forbodsskilt. I nokre tilfelle kan god fotodokumentasjon erstatte synfaring.

4) Konklusjon

Klima- og miljødepartementet har utarbeidd eit rundskriv til hjelp for kommunene, fylkeskommunene og statsforvaltere, med kommentarar til friluftslova:

Det er utarbeidd rettleiinger til hjelp når kommunen skal vurdere grensa for den private sona rundt hus- og hyttetomter, og kva type stengsel som er ulovlege. Rettleiingene fins her på Miljødirektoratet sine nettsider. 

5) Søksmål

Sjølv om fråsegna frå kommunen har vesentleg autoritet, kan eigar bringe saka vidare inn for rettsapparatet. Kommunen si fråsegn vil ikkje vere avgjerande, men vil kunne givast ei viss vekt. Saka kan vidare bringast inn for Sivilombudsmannen.

6) Ingen klagerett

Det er ingen klagerett i desse sakene.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid