Kommunen si myndigheit

Kommunen har hovedansvar for å merke stiar og løypar og andre fysiske tiltak fortilrettelegging i utmark. Merking av stiar og løypar og andre fysiske tiltak for tilrettelegging i utmark krev samtykkje frå grunneigar eller brukar. Kommunen har ansvar for å vurdere behovet for enkle tiltak i utmarka, som mellom anna å merke og varde stiar og byggje klopper og bruer langs ruter og stiar.

Grunneigar eller brukar kan samtykkje til tiltaka kommunen foreslår i ein frivilleg avtala og då er det ikkje behov for å fatte vedtak om inngrepsløyve. Sjå punkt 3 under.

Dersom grunneigar eller brukar motset seg dette utan god grunn, og tiltaket er viktig for allmenta si friluftslivsutøving, kan kommunen fatte vedtak om inngrep.

Kommunen skal behandle tilsvarande søknadar frå organisasjonar som har til føremål å fremje reise- og friluftsliv. Kommunen kan då berre gi løyve til å merke og varde ruter og ikkje til å byggje klopper og bruer eller andre tiltak for å lette ferdsla.

Miljødirektoratet har fått delegert heimel til å gi løyve dersom søkjar er ein regional friluftslivsorganisasjon og tiltaket går over kommunegrenser, til dømes i tilstøtende kommuners fjellområder eller strandområder.

Tiltak som kan tillates etter § 35 er ikkje uttømmande angjeve, men det er likevel bare tilrettelegging av avgrensa omfang som føresegna skal dekkja. Til dømes kan dette vera fjerning av hindringer i form av eit volte tre, steinar, buskar og kratt. Dette er bakgrunnen for at merking og skilting som hovedregel kan gjennomførast uten forutgående skjøn når dette fremgår av vedtaket.

Meir omfattande tiltak som for eksempel utsprenging av ny turtrase, kan berre skje etter samtykkje frå grunneigar eller brukar, eller etter at det er gjennomført oreigning etter plan- og bygningsloven eller oreigningslova.

Kvifor tilrettelegge?

Mange små tiltak som i lita grad påverkar grunneigar kan vere til stor hjelp både med omsyn til det reint praktiske, til dømes ei bru over ei lita elv eller bekk, og tiltak med stor innverknad på tryggleiken, til dømes merking av sti i rasfarlege område.

Lovgrunnlaget og andre retningsliner

1) Behov for å tilrettelegge for friluftsliv?

Kommunen ynskjer å tilrettelegge for friluftsliv eller mottek søknad frå frivillig organisasjon.

Kommunen vurderer behovet for tilrettelegging. Når kommunen har gjort ei utgreiing om kva type tiltak som er aktuelle, blir grunneigar eller brukar kontakta med sikte på å få i stand ein frivillig avtale.

2) Prøve frivillig løysing

Om grunneigar eller brukar ikkje straks samtykker til tiltaka kommunen føreslår, pliktar  kommunen å leggje ned mykje arbeid i å komme fram til ein frivillig avtale.

Ein føreset at kommunen må ha prøvd dei moglegheiter som finst utan å lukkast, før den tek i bruk heimelen i friluftslova § 35 om tiltak og inngrepsløyve for å lette ferdsel i utmark.

Først når partane står så langt frå kvarandre at vidare forhandlingar må sjåast på som nyttelause, og frivilleg avtale ikkje er mogleg, kan ein gå vidare i vedtaksprosessen.

3) Frivillig avtale

Grunneigar eller brukar samtykker til tiltaka kommunen føreslår.

Sjå eksempler på avtalar her:

4) Omsyn til biologisk mangfald og vernestatus

Før ein fattar vedtak må inngrepet vurderast opp mot viktige naturverdiar, som estetikk og biologisk mangfald. Det må òg vurderast opp mot anna lovverk, som plan- og bygningsloven og naturmangfoldsloven med forskrifter eller verneforskrifter. Prinsippane i naturmangfaldsloven §§ 8-12 skal leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg mynde, jamfør naturmangfoldloven § 7.

Det er viktig å ta omsyn til artar som treng særleg vern og viktige ansvarsartar, til dømes villrein. Skal ein sti merkast, må ein sjekke at stien ikkje medfører ferdsel i kalvingsområda til villreinen.

Videre er det slik at sjølv om det blir gitt inngrepsløyve som genererar meir ferdsel skal kvar som ferdas eller opphalder seg på annan manns grunn opptre hensynsfullt og varsamt og unngå å påføra naturmangfaldet og miljøet skade, jamfør  friluftsloven § 11 og den generelle varsemdavgjerda i naturmangfoldloven § 6.

5) Vedtak

Vedtak etter friluftsloven § 35 er eit enkeltvedtak jamfør friluftsloven § 24 andre ledd, om forholdet til forvaltningsloven, herunder kunngjøring og klage. Ein kan klage på vedtaket til overordna forvaltingsmyndigheit, statsforvalteren. Saksbehandlinga følgjer reglane i forvaltingslova om enkeltvedtak.

6) Eigar får medverke før gjennomføring

Eigar skal varslast i god tid før merking og varding av ruter der løyve blir igangsatt utan forutgåande skjønn. Dersom han motset seg merkinga avgjer kommunen om, og i tilfelle på kva måte, den skal tillate merkinga. Tiltak etter friluftslova § 35 tredje ledd blir avgjort av Miljødirektoratet.

7) Erstatning for økonomisk skade

Grunneiger eller brukar kan ha  krav på erstatning dersom dei har lide økonomisk tap. Eit slik krav kan anten avgjerast gjennom frivillig avtale med kommunen eller gjennom skjønn. I det sistnemnde tilfellet skal kommunen betale grunneigar eller brukar oppsamla skjønnskostnader.

Det finst unntak frå dette når grunneigar eller brukar har avslått eit rimelegare forlikstilbod, eller har kravd skjønn utan rimeleg årsak.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid