Kommunen kan, med eigar sitt samtykke, regulere ferdselen der den ikkje er forenlig med drift av garden. Her får saksbehandlar råd om framgangsmåte.

Kommunen si myndigheit

  • Kommunen har myndigheit til å forby, eller på annan måte regulere ferdsel på vegar og stiar i innmark.
  • Friluftslova opnar for ferdsel i innmark etter friluftslova § 3 om ferdsel i innmark, jamfør § 3a om fersel på veg og sti i innmark. Både til fots og ferdsel på veg og opparbeidd sti med ride- eller kløvhest, trøsykkel, kjelke eller liknande når hensikten er å ta seg over i utmark.
  • Ferdsel med ride- og kløvhest med mer gjeld ikkje organisert aktivitet med ride- eller kløvhest, tråsykkel, kjelke eller liknende. Kommunen kan etter ei konkret vurdering regulere slik ferdsel.
  • Ferdsel på veg og sti (vanleg eller opparbeidd) kan vere problematisk med tanke på gardsdrift.
  • I konfliktsituasjonar kan det difor vere behov for å redusere allmenta sin rett til ferdsel heile året, eller til visse tider på året.

Dette bør du vite

Føresegna tredde i kraft 1. januar 2012. I høyringsrunda var det fleire innspel spesielt knytt til tradisjonell landbruksdrift. Det blei framheva at ferdsla ville vere til skade eller ulempe særleg når det gjeld bruken av landbruksmaskiner på vegar i innmark.

Kommunen bør difor ha fokus på denne problemstillinga i dei tidene på året då dette kan vere eit reelt problem. Reguleringa vil vere ei forskrift. Eigaren kan på sjølvstendig grunnlag forby ferdsel etter første ledd i føresegna dersom ferdsla kan komme til å valde vesentleg skade.

Lovgrunnlaget

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid