Kontroller at tiltaket fungerer
Undersøk om tiltaket har løyst problemet og årsakene som vart identifiserte under steg 1: Sjå og steg 2: Forstå.
Målet er at stien skal fungere godt, ta vare på naturverdiane og landskapet og tole belastninga frå ferdsel og klima.
Sjå særleg etter:
- Vatn: Blir vatnet leia bort, eller finn det nye vegar som skaper erosjon?
- Ferdsel: Held brukarane seg i ønskja trasé, eller oppstår nye spor og tråkkskadar?
- Slitasje og erosjon: Har utviklinga stoppa, eller held skadane fram?
- Konstruksjonar: Fungerer vassrenner, gruslag, steinsettingar, trapper og gangbanar?
- Naturverdiar: Er belastninga redusert, eller har det oppstått nye skadar?
- Landskap: Er tiltaket godt tilpassa terrenget og landskapet?
Kontroller gjerne både kort tid etter arbeidet og etter periodar med mykje ferdsel eller kraftig nedbør.
Lag rutinar for tilsyn og vedlikehald
Ein sti blir påverka av ferdsel, vatn, vêr og årstider. Jamleg tilsyn og vedlikehald er avgjerande for både naturlege og opparbeidde stiar.
Tilsyn og vedlikehald går hand i hand. Når du går tilsyn, bør du utføre nødvendige vedlikehaldsoppgåver og mindre reparasjonar fortløpande når det er mogleg og forsvarleg. Planlegg meir omfattande arbeid dersom det er nødvendig.
Ta gjerne bilete frå dei same stadene over tid. Det hjelper deg å følgje med på utviklinga.
Få tips til kva du bør gjere her:
Når bør du sjå til stien?
Gjer tilsyn
- under snøsmeltinga og teleløysinga på våren
- på sommaren når ferdselstrykket er høgt
- før snøen legg seg for vinteren
- i og etter store nedbørsmengder
- i forkant av ekstremvêr, om mogleg
Kor ofte tilsyn trengst, varierer med terreng, grunnforhold, ferdsel, sårbar natur og tiltaka som er gjennomførte.
Avklar ansvar for vedlikehaldet
Før prosjektet blir sett i verk, skal ansvar for framtidig tilsyn og vedlikehald vere avklart. Vurder ressursar, utstyr og kompetanse. Større konstruksjonar kan krevje særskild oppfølging.
Når tiltaket ikkje fungerer
Dersom tiltaket ikkje fungerer, undersøk kvifor. Har vatnet funne ein annan veg? Har ferdselen flytta seg? Var grunnforholda annleis enn venta?
Gå tilbake til steg 1: Sjå, finn årsaka gjennom steg 2: Forstå og vurder tiltaksnivået på nytt.