Når du har sett kva som skjer med stien, må du finne årsakene. Vatn, ferdsel, terreng og grunnforhold verkar ofte saman. Det er ikkje nok å reparere ein synleg skade dersom årsaka framleis er der.
Ikkje gå frå skade til tiltak. Gå frå skade til årsak – og deretter til tiltak.
Vatn og erosjon
Undersøk kvar vatnet kjem frå, korleis det renn og kvar det blir leia vidare. Vatn som samlar seg i stisporet, kan svekkje underlaget og føre til erosjon.
Når det renn vatn i stisporet, blir jord og lausmassar vaska bort og stien kan utvikla seg til ei djup erosjonsrenne. Når det blir vanskeleg å gå i stisporet, går folk utanom, og slitasjen spreier seg til naturen rundt.
5
Utvida sti

Når det blir vanskeleg å gå i stisporet, går folk utanom. Slitasjen breier seg, og det dannar seg fleire parallelle spor og en breiare sti.
KI-genererte illustrasjonar
4
Erosjonsrenne

Stien utviklar seg til ei djup erosjonsrenne som samlar meir vatn. Underlaget blir ustablilt, og skadane aukar over tid.
3
Rennande vatn eroderer

Vatn renn langs stisporet og vaskar bort jord og lausmassar. Erosjonen aukar, og stisporet blir djupare.
2
Trakk samlar vatn

Ferdsel pressar saman jorda. Vegetasjonen blir sliten, og mindre vatn treng ned i grunnen. Vatn begyner å samle seg i stisporet.
1
Intakt sti

Vegetasjonen og røtene held jorda på plass. Vatnet siger ned i grunnen, og stien toler ferdsel.
Slik utviklar stiskadar seg
For å forstå korleis vatnet påverkar stien, må ein synfare under kraftig regn, etter lengre periodar med nedbør og under snøsmeltinga. Då blir det lettare å sjå korleis terrenget påverkar vassføringa, og kvifor vatnet samlar seg i stien.
Ver også merksam på sigvatn som kjem fram gjennom grunnen eller frå terrenget ovanfor stien. Slikt vatn kan halde underlaget blautt og ustabilt sjølv om det ikkje renn synleg vatn på overflata.
Det aller viktigaste du gjer for å ta vare på ein sti, er å hindre at vatnet kjem inn i stien og å leie det ut så tidleg som mogleg utan å skape nye erosjonsproblem eller skade naturen nedanfor.
Ferdsel og slitasje
Sjå på kor mange som brukar stien, korleis han blir brukt, og kvifor folk eventuelt går utanom. Nye spor og breiare sti kan vere eit symptom på problem i sjølve traseen.
- Det opphavlege stisporet kan vere så slitt at brukarane ikkje vil gå der.
- Dersom det ligg lause steinar eller andre ting i stien, vil folk heilt ubevisst gå utanfor stisporet.
- Viss stien er for smal for talet på besøkjande, vil folk gå utanfor stisporet for å passere kvarandre.
Sosiale medium, reiselivsmarknadsføring og andre endringar i området kan òg gi plutselege endringar i besøkstal, bruksmønster og brukargrupper. Det kan påverke belastninga på både stien og naturen rundt.
Kor mange besøkjer stien?
Besøkstal og type brukarar seier noko om belastninga ferdselen har på eit område. Beitedyr, syklistar og gåande påverker stien og underlaget på ulike måtar.
Det er avgjerande å ha oversikt over besøkstal og type brukarar når du skal vurdere tiltak. Det gir grunnlag for å vurdere kor stor belastning stien og fasilitetane rundt må tole.
Du kan hente inn tal frå:
- automatiske teljarar som allereie er utplassert, for eksempel av Statskog, kommunen eller andre
- billetter frå bomvegar, gjerne automatbommer (kan hentast frå veglag og vegselskap)
- parkeringsavgifter
- sal av fiskekort
- overnattingsstatistikk frå turisthytter
- billettsal på båt eller buss
- Statens vegvesen sine trafikkteljingar på riksvegar og fylkesvegar, for eksempel indikatoren Sommerdøgntrafikk
- bøker utlagt på turmål
- kontakt med lokale aktørar som kan fortelje om det er riding, beitedyr eller syklistar på stien
Om du ikkje har gode tal, bør du sette i gang teljing. Dette kan du gjere med feltobservasjonar, automatiske teljarar eller andre metodar.
Kor mykje toler naturen?
Noko slitasje må aksepterast som ein naturleg del av ferdselen. Du må samtidig vurdere ferdselen opp mot naturen si toleevne. Nokre område toler mykje ferdsel, medan andre kan få store skadar sjølv ved lite bruk.
Dersom vegetasjonen blir sliten bort og jorda ligg open, kan rennande vatn og vidare ferdsel føre til at skadane aukar og naturen får vanskelegare for å hente seg inn att.
Det er viktig å fange opp slike endringar tidleg, slik at ein kan førebyggje større skadar og vurdere behovet for å styre eller avgrense ferdselen.
Grunnforhold og vegetasjon
Undersøk kva slags grunn den naturlege stien går på, og korleis underlaget reagerer på vatn og ferdsel. Jord, grus, stein og myr har ulike eigenskapar.
Vurder om grunnen drenerer godt, eller om vatn blir ståande og gjer stisporet blautt og ustabilt.
Sjå også på vegetasjonen og rotsystema som held jorda på plass. Eit intakt vegetasjonsdekke kan bidra til å stabilisere underlaget, medan sårbar eller skadd vegetasjon kan gjere stien mindre motstandsdyktig mot belastning.
Terreng og traséplassering
Ligg stien på rett plass i terrenget? Vurder stigning, sidehelling, naturlege vassvegar og korleis traseen påverkar ferdselen.
Bratte stiar som går rett opp eller ned ei skråning, er særleg utsette for erosjon fordi vatnet kan få stor fart langs stisporet.
Ein sti som ligg på skrå i terrenget, eller har svingar som reduserer stigninga, kan gi betre kontroll på vatnet. Samtidig må ein unngå uheldige svingar og lange omvegar som fører til at folk tek snarvegar.
Vurder om traseen kan fungere over tid, eller om plasseringa er årsaka eller bidrar til problema. Ei mindre justering eller omlegging av traseen kan vere ei betre løysing enn omfattande utbetring av ein sti som ligg feil.
Sjå eit døme her:
Eksisterande tiltak
Der stien er opparbeidd, må ein undersøkje om eksisterande drenering, grusing, klopper eller andre tiltak fungerer etter føremålet. Dersom dei sviktar, kan årsaka vere feil plassering, mangelfull utføring, utilstrekkeleg kapasitet eller manglande vedlikehald.
Finn ut om problema skuldast naturlege forhold, feil ved eksisterande tiltak eller manglande vedlikehald. Når du veit årsaka til problema, har du eit betre grunnlag for å velje rett tiltaksnivå.
<bilder av eksempler - steintrapp med sti på siden? vassrenne som har kollapset?>