Tiltakstrappa
Tiltakstrappa skal hjelpe deg å vurdere kva tiltak som er nødvendige. Tiltaka er rangerte frå dei minste til dei største inngrepa.
Nokre gonger er det nok med tilsyn og vedlikehald. Andre gonger er det behov for reparasjon, utbetring, rehabilitering eller omlegging av stien.
OMLEGGING/
NY STI
6
Flytt heile eller delar av traseen, eller etabler ny sti når eksisterande trasé ikkje kan gi ei god og robust løysing.
REHABILITERING
5
Bygg opp att funksjonen når større delar av stien er skadd eller har mista funksjon.
UTBETRING
4
Endre eller forsterk delar av stien slik at han toler belastninga betre.
REPARASJON
3
Rett opp ein avgrensa skade og fjern eller reduser årsaka.
VEDLIKEHALD
2
Ta vare på stien og eksisterande tiltak, slik at dei fungerer over tid.
TILSYN
1
Følg med på stien og registrer endringar.
Enkle grep
Liten påverknad
Større tiltak
Større påverknad
TILSYN
Følg med på stien og registrer endringar.
1
1
Tilsyn
2
Vedlike-hald
3
Repar-
asjon
4
Utbetring
5
Rehab-ilitering
6
Legg om
/ny sti
VEDLIKEHALD
Ta vare på stien og eksisterande tiltak, slik at dei fungerer over tid.
2
REPARASJON
Rett opp ein avgrensa skade og fjern eller reduser årsaka.
3
UTBETRING
Endre eller forsterk delar av stien slik at han toler belastninga betre.
4
REHABILITERING
Bygg opp att funksjonen når større delar av stien er skadd eller har mista funksjon.
5
OMLEGGING/NY STI
Flytt heile eller delar av traseen, eller etabler ny sti når eksisterande trasé ikkje kan gi ei god og robust løysing.
6
Enkle grep
Større tiltak
Korleis vel du rett nivå?
Hald deg så langt til venstre og så lågt i tiltakstrappa som mogleg. Vel det minst omfattande tiltaket som løyser årsaka til problemet og gir ei varig, robust løysing.
Det handlar ikkje om å gjere minst mogleg for ein kvar pris, men om å gjere det som er nødvendig – utan unødvendige naturinngrep, arbeid eller kostnader.
Spørsmål du må stille deg
- Kva er årsaka til problemet, og kva må endrast for å løyse det?
- Kan stien fungere med tilsyn, vedlikehald eller ein avgrensa reparasjon?
- Må delar av stien forsterkast eller endrast for å tole belastninga?
- Har større delar av stien mista funksjonen og behov for rehabilitering?
- Ligg stien slik til at ei omlegging vil vere ei meir robust og naturvennleg løysing?
- Kva konsekvensar får valet for naturverdiar, ferdsel, ressursbruk og framtidig vedlikehald?
Vurder både kostnaden ved å gjennomføre tiltaket og behovet for framtidig tilsyn og vedlikehald. Ei løysing som er rimeleg å byggje, kan bli kostbar dersom ho krev mykje oppfølging.
Bruk fagkompetanse når du er usikker
Det kan vere vanskeleg å finne rett tiltak dersom du har lite erfaring med stivedlikehald og stibygging. Er du usikker, bør du søkje råd frå nokon med praktisk erfaring og fagkompetanse før du bestemmer kva som skal gjerast.
Ved å hente inn rett kompetanse tidleg kan du unngå feil tiltak, unødvendige naturinngrep og ekstra kostnader.
- Ofte er det nok å sende bilete eller film saman med ei kort beskriving av problemet. Ein erfaren stibyggjar kan då hjelpe deg med å forstå årsaka og vurdere kva tiltak som kan vere aktuelle.
- I andre tilfelle kan det vere nødvendig med ei felles synfaring.
Viktige omsyn
Det er fleire omsyn som påverkar kva tiltak som eignar seg på staden, og korleis tiltaket kan gjennomførast. Hent inn kunnskapen du treng for å velje rett løysing.
Naturverdiar
Når du veljar tiltak på stien, er det viktig å vite kva naturverdiar som er sårbare for ferdsel og friluftsliv.
Undersøk sårbare naturtypar, artar og leveområde. Vurder korleis tiltaka vil påverke desse, både direkte om indirekte. Tilpass løysinga for å minimere naturpåverknaden.
- Kartløysinga Naturbase: Sjå kartlaga under naturtypar, naturmangfald, artar og artsforvaltning og landskap.
- Artskart viser kor i landet ulike artar er observert.
- Ei synfaring med ein erfaren fagperson kan vere nyttig tidleg i prosessen, for å vurdere behovet for eigne kartleggingar.
- I store prosjekt med omfattande tiltak, bør du vurdere å gjere ein sårbarheitsanalyse.
Kulturminne
Undersøk om kulturminne eller kulturmiljø kan bli påverka.
Mange kulturminne og kulturmiljø er ikkje registrerte. Kontakt kommunen, kulturminneavdelinga i fylkeskommunen og Sametinget for å få informasjon om moglege kulturminne og korleis desse skal varetakast.
Nødvendige løyve
Kontakt grunneigarar og få løyve til tiltaket, til dømes gjennom ein grunneigaravtale.
Kontakt kommunen for å avklare om tiltaket er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og om det er andre reglar eller planar du må ta omsyn til.
Skal du bruke motorkøyretøy, til dømes til å transportera inn massar, må du søke om løyve frå kommunen.
Avhengig av kvar stien ligg og kva tiltak du skal gjere, må du avklare tiltaket med andre myndigheiter, slik som
- vernemyndigheita, dersom stien ligg i eit verneområde
- kulturminnemyndigheita, dersom tiltaket kan påverke kulturminne
- NVE, dersom tiltaket rører ved vassdrag
- reindrifta eller Sametinget, dersom tiltaket kan påverke samiske interesser
Ferdsel og besøksforvaltning
Når ein gjer tiltak for å gjere stien meir attraktiv, aukar ofte talet på besøkande. Er stien og fasilitetane i området dimensjonerte for dette?
Viktige fasilitetar kan vere
- tilkomst
- parkering
- informasjon
- skilting
- toalett
- handtering av søppel
Vurder om tiltaket kan gi endra ferdselsmønster. Ha en plan for utforming, merking, skilting og informasjon som kan hjelpe til med å styre ferdselen.