Greinstiar skaper eit naturleg inntrykk og har høg kanaliserande effekt. Greinstiar er godt eigna for dei fleste brukargrupper. Det kan vere eit eit alternativ til spalta grussti i skogområde.

Sidan ein brukar treverk som rammeverk til stien, må den haldast ved like.

Sjå korleis ein ferdig greinsti ser ut:

Bla i biletkarusellen for å sjå ulik bruk av greinsti.

Til innsamling av greiner, bør du ha

  • motorsag og verneutstyr
  • maskinelt utstyr for å transportere greiner til lager
  • barkespadar og sagbukkar, ev. geiteflokk og avtale med nokon som driv med geit
  • lager for å kunne lagre greinene tørt

Til bygging av greinstien, bør du ha

  • spett, slegge, spade, grafse, grafsebrett, steinrive,  
  • bergboremaskin, motorsag, handsag, kraftig drill, øks, etc.
  • diverse festemidlar:
    • ekspansjonsboltar i ulike lengder
    • kraftige treskruar, beste kvalitet med store hovud og ulike lengder
    • Kan vere laga av einer eller av stål

Samle og barke greiner

Å skaffe nok greiner er ein jobb som ein må planlegge i god tid før ein sett i verk tiltaket.

Du kan for eksempel bruke

  • vrifuru/contorta
  • seintveksande furu

Sjå også:

Seintveksande furu veks i all hovudsak i høgtliggjande furuskogar. Den er ofte motstandsdyktig mot råte og sopp. Ein nyttar grove greinar for å bygge greinsti.

Ein må ikkje hogge ned enkeltståande gamle furutre for å skaffe seg greiner til ein greinsti. Desse trea veks seint, og gammal furuskog er viktig å ta vare på. Stort forbruk av tømmer med høgt malminnhald kan setje dei eldste naturskogane under press. For å finne egna greiner, ta kontakt med skogselskap eller grunneigarar i områder med høgtliggjande furuskogar.

Kvisting av greinar som kan passe som trinn. Film: Miljødrektoratet/SNO

Sjå etter greiner med bogar og ulike formar slik at ein kan skape trinn. Ein treng mange greiner i ulike formar og storleikar. Dette for å kunne binde saman rammeverket til ein greinsti. Det er difor viktig at ein samlar nok greiner, slik at ein har mykje å velje mellom når ein set saman rammeverket.

Tips for å finne brukbare greiner:

  • Kontakt skogselskap eller grunneigarar i område med høgareliggande furuskogar.
  • Kontakt skogselskap eller grunneigarar i område med vrifuru eller andre treslag.
  • Sank greiner i hogstfelt etter avtale med grunneigar.
  • Sank greiner langs skogsbilvegar etter vinteren eller etter periodar med sterk vind.

Ta av borken

Når ein har samla nok greiner må ein ta av borken på dei. Det er ein stor fordel at greinene er nokonlunde ferske. Då slepp borken enklare enn om greinene har tørka.

Den minst arbeidskrevjande måten er å legge dei ferske greinene ut i eit beite der det går geit. Geitene vil fjerne borken på eit par dagar, så ein geitebonde er god å ha med på laget.

Geiter et borken av greinene. Film: Miljødirektoratet/SNO

Ein annan metode er å fjerne borken sjølv med bandkniv eller barkespade. Det er ein tidkrevjande jobb.

Manuell barking: Film: Miljødirektoratet/SNO

Grunnarbeid

Tilpass trauet etter kor stien går, slik at du får på plass rammeverket av greiner. Trauet må ha rett bredde og djupne.

  • Breidda må tilpassast den kapasiteten som stien skal ha. Ein sti der to personar med sekk skal kunne møtast er kring 120-150 cm brei. 60 cm held dersom det ikkje er behov for å gå to i breidda eller møtast.
  • Djupna på trauet må tilpassast tyngda på brukarane og etter bereevna til massane ein har på staden. Skal stien nyttast av til dømes tyngre brukarar som kyr eller hest, må ein ha eit tjukkare berelag. Ein kan bruke stein ein finn på staden, eller legge inn pukk som berelag i trinna på greinstien for å skape høgare bereevne.   

Ikkje grav ut store jordfaste steinar i stien. Desse er gode å ha til å feste rammeverket til greinstien til grunnen.

Ta vare på all vegetasjon. Den skal ein legge tilbake for å hindre erosjon i blottlagde jordmassar og for å skape eit naturleg uttrykk.

Bygg greinstien

For å skape ein sti som glir godt inn i terrenget, skal breidde og utforminga av greinstien variere. Dette er viktig å tenkje på når ein bygger rammeverket til ein greinsti. Blir bredda heilt lik og utforminga statisk, vil ikkje greinstien få eit naturleg uttrykk.

Lag rammeverket

Set saman greiner slik at du får trappetrinn med ulik utforming og høgde. Rammeverket på ein greinsti skal ha trinn for å på, og sidevangar som held på berelag og toppdekke som ein skal fylle inn når ramma er ferdig.

Sidevangane og trinna må tilpassast kvarandre, slik at rammeverket sit godt. Film: Miljødirektoratet/SNO

Tilpass greinene etter korleis terrenget er utforma. Er det rotsystem i stien, må du felle inn rammeverket i dei røtene som er i stien. Det gjer greinstien sterkare og den blir meir naturleg.

Fest greinene til grunnen der det er mogleg å få godt feste. Bruk ulike typar festemidlar som jordspyd eller ekspansjonsboltar i fjell eller jordfaste store steinar.

Trinn og sidevangar festast saman med kraftige treskruar der det er naturleg.

Rammeverket blir festa til grunnen der det er mogleg, og blir sett saman med kraftige treskruar. Film: Miljødirektoratet/SNO

Ved bruk av festemidlar i stål, er det viktig at ein set det slik at ein kan skjule det. Då får greinstien eit meir naturleg uttrykk.

Berelag og toppdekke

Når ein har festa trinn og sidevangar til kvarandre og til grunnen, har du laga eit sterkt rammeverk. Då skal du fylle trinna med berelag av pukk og legge på eit toppdekke av grus.

Dei aller fleste stiprosjekt kan ein gjennomføre med enkle verktøy og handmakt. Dersom det er store stiprosjekt kan det være nødvendig med maskiner til å transportere materialar, masser og utstyr. 

Å transportere inn pukk og grus krever god logistikk. Du kan transportere inn massar ved hjelp av:

Hugs at all motorisert ferdsel krev løyve frå kommunen.

Det er viktig å legge store steinar i botnen langs greintrinna for å tette hola, slik at berelag og toppdekke ikkje rausar ut under greintrinna.

Bank steinar på plass under og inntil rammeverket. Film: Miljødirektoratet/SNO

Viss ein ikkje har nok stein til berelag i trinna på staden, kan ein nytte pukk i storleiken 0-32 mm som berelag. Berelaget i trinna skal leggast litt skrått i den retninga ein ynskjer at vatnet skal renne av stien.

Toppdekket i trinna av grus bør vere av knust fjell. Denne grusen har god bindeevne. Grusen bør  ha ein storleik på 0-16 mm. Når ein legg på grusdekket, finjusterer du kor skrått hellinga på trinna skal vere. 

Grus ein finn på staden har ofte dårleg bindeevne og blir fort vaska bort av vatn. Stadeigen grus kan blandast med fjellgrusen på toppen. Då får ein eit meir lokalt tilpassa farge på toppdekket.

Fyll trinna med eit berelag av pukk og bank det på plass, før du fyller på med eit toppdekke av grus. Legg til slutt på grus du finn på staden. Film: Miljødirektoratet/SNO

Revegeter langs stien

Vegetasjonen du tok vare på under utgravinga, skal du no legge tilbake på sida av stien. 

Legg på vegetasjon langs sidevangane og skjul festemidlar av jern.

Revegetering er viktig for å hindre erosjon i blottlagde jordmassar og skape eit naturleg uttrykk. Dette er ein stor og viktig del av jobben med å setje i stand ein sti.

Om du ikkje har nok vegetasjon, må du hente vegetasjon punktvis ut i terrenget over et større område. Pass på at du får med nok rotsystem, slik at vegetasjonen ikkje tørker ut. Hent same type vegetasjon som det som veks langs stien frå før.

Små trer eller buskar skaper også eit naturleg uttrykk. Å flytte små trer og buskar er en fin måte å sperre villstiar og kanalisere ferdsel.

Vedlikehald

Ha jamleg tilsyn med greinstien. Reparer skadar omgåande og skift ut treverk som har råteskadar.

Sjå også: