Grusstiar er eigna for flatt til lett stigande terreng. Grunnforholda kor grusstien skal gå bør vere nokolunde fast.

Ein grussti er enkel å bygge, men krev logistikk for å transportere inn dei massane ein bruker for å bygge opp stien.

For å bygge ein grussti, bør du ha:

  • spade
  • grafse
  • grafsebrett
  • steinrive

Om det er naudsynt å fjerne stein eller fjell, kan du få bruk for spett, fjellkilar og steinøkser.

Om du kjem til med maskinelt utstyr, er det nyttig å ha:

  • minigravar frå 1,5 til 3 tonn
  • minihjullastar for transport av massar
  • beltedumper for transport av massar

Slik bygger du ein grussti:

Før du startar å bygge grusstien

For å lykkes med ein grussti, må du ha kontroll på vatnet. Grus er lett eroderbart, og ukontrollert vatn i stisporet gir store skadar.  

Se korleis du kan kontrollere vatn i stien her:

I brattare terreng bør du vurdere å bruke ein anna form for tilrettelegging – spalta grussti.

 

Grunnarbeid

Første steg for å bygge ein grussti er å grave ut eit trau der stien skal gå. Funksjonen til trauet er å halde på plass bærelaget og toppdekket som ein skal bygge opp stien med. Bredda på trauet må tilpassas tal brukara.

Det er viktig at breidda på stisporet varierer slik at den glir godt inn i terrenget. Viss ikkje kan grusstien sjå ut som ein veg, og ikkje ein sti. Ved å legge inn steinar i stien får det eit meir naturlig preg.

Når du skal reparere ein sti, har du ofte eit naturleg stitrau. Viss stien ikkje har sidekant som held på berelaget og toppdekket, må du legge inn sidesteinar som helt på massane. Sidesteinane må grunnast godt ned i jordsmonnet, og skal flukte med toppdekket av grus.

Ta vare på all vegetasjon. Den skal du bruke til å revegetere når stien er ferdigbygd.

Etabler eit solid dreneringssystem som hindrar at vatn kjem inn i stisporet. Grus er lett eroderbart, og ukontrollert vatn gir store skadar på stien.

Slik bygger du grusstien

Når du har gjort grunnarbeidet, må du legge ynskja berelag av pukk og legge på toppdekket med grus.

Dei aller fleste stiprosjekt kan ein gjennomføre med enkle verktøy og handmakt. Dersom det er store stiprosjekt kan det være nødvendig med maskiner til å transportere materialar, masser og utstyr. 

Å transportere inn pukk og grus krever god logistikk. Du kan transportere inn massar ved hjelp av:

Hugs at all motorisert ferdsel krev løyve frå kommunen.

Legg berelaget

Berelaget må vere tjukt nok for dei belastningane stien vil få, og kva massar du har i bunnen. Eit berelag er normalt 25-50 cm.

Bruk pukk med fraksjonsstorleik på 32 – 64 mm, ofte kalla mellompukk. Denne er lett å arbeide med.

God avrenning er viktig. Legg berelaget litt skrått i den retning du ynskjer at vatnet skal renne av stien, med omtrent to til fem grader helling.

Viss terrenget er flatt, bør midten av stien ligge to til fem grader høgare enn sidene, slik at vannet renner av på begge sider.

Legg toppdekket

Toppdekket bør vere minst 10-15 cm tjukt. Du treng omtrent eit tonn med grus for å dekke fem meter sti.

Toppdekket av grus bør vere laga av knust fjell. Denne grusen har god bindeevne.

  • Grus med fraksjonsstorleik 0-16 mm gir meir laus grus på toppen av stien, men tåler litt meir nedbør enn grus med fraksjonsstorleik 0-8mm.
  • Grus med størrelse 0-8mm gir imidlertid ei meir kompakt overflate, men er meir utsett for erosjon.

Når du legger på grusdekket, finjusterar du kor skrått hellinga på stien skal vere for å sikre god avrenning.

Revegeter langs grusstien

Vegetasjonen du tok vare på under utgravinga, skal du no legge tilbake på siden av stien.

Revegetering er viktig for å hindre erosjon i blottlagde jordmassar og skape eit naturleg uttrykk. Dette er ein stor og viktig del av jobben med å setje i stand ein sti.

Om du ikkje har nok vegetasjon, må du hente vegetasjon punktvis ut i terrenget over et større område. Pass på at du får med nok rotsystem, slik at vegetasjonen ikke tørker ut. Hent samme type vegetasjon som det som veks langs stien fra før.

Skap eit naturleg uttrykk

Juster bredda på stien og skap eit naturleg uttrykk ved å legge vegetasjon inn på grusen nokre plassar.

Du kan og grave ned større steinar på tilfeldige stader i stien for å bryte opp grusstien.

Små trær eller busker skaper og eit naturleg uttrykk. Å flytte små trær og busker er en fin måte å sperre villstiar og kanalisere ferdsel.

Vedlikehald av grussti

Ingen stier er vedlikehaldsfrie. Ha jamleg tilsyn med grusstien og tilhøyrande dreneringssystem.

Reinsk alle vassrenner og steinklopper. Pass på at stein, lauv, kvist og kvast blir fjerna før dei tettar dreneringssystema. Det er viktig at alt er reinska før vinteren, slik at den er klar til snøsmeltinga til våren. Med dreneringssystem i orden krever ein grussti lite vedlikehald.

Kjem det inn vatn på nye stadar i stisystemet, må dette ordnast så fort som mogleg.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid