Kunnskapen du innhentar i denne fasen skal hjelpe deg med å finne ut kor stort tiltak du må gjere, kor du bør leggje stien og kva naturverdiar og kulturminne du må ta omsyn til.
Mykje av denne kunnskapen kan du innhente ved hjelp av databasar og kart.
I arbeidet med eit stiprosjekt er det spesielt viktig å ha kunnskap om kva naturverdiar som er sårbare for ferdsel og friluftsliv, og kva effektar ferdsel og friluftsliv har på desse naturverdiane.
Tilrettelegginga for friluftslivet må skje på ein måte som tar omsyn til naturmiljøet, slik at naturverdiane ikkje ringast. Det er nødvendig å følgje med på korleis naturverdiane påverkast over tid.
Finn informasjon om naturverdiane i ditt område ved hjelp av:
Før du set i gang med stiprosjekt, må du sjekke om det er kulturminne i området.
For å finne informasjon om kulturminne i området ditt, kan du gå inn på Kulturminnesøk:
Her finn du informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap som er registrerte.
Mange kulturminne og kulturmiljø er ikke registrerte. Det er derfor viktig at du i tillegg kontaktar kommunen, kulturminneavdelinga i fylkeskommunen og Sametinget for å få informasjon om moglege kulturminne og korleis desse skal varetakast.
Oversikt over besøkstal og type brukarar er heilt avgjerande for dimensjoneringa av stien og val av type stitiltak.
Du kan hente inn tal frå:
- automatiske teljarar som allerede er utplassert, for eksempel av Statskog, kommunen eller andre
- billetter frå bomvegar, gjerne automatbommer (kan hentes frå veglag og vegselskap)
- parkeringsavgifter
- sal av fiskekort
- overnattingsstatistikk frå turisthytter
- billettsal på båt eller buss
- Statens vegvesen sine trafikkteljingar på riksvegar og fylkesvegar, for eksempel indikatoren Sommerdøgntrafikk
- bøker utlagt på turmål
- kontakt med lokale aktører som kan fortelje om det er riding, beitedyr eller syklistar på stien
Om du ikkje har gode tal, må du sette i gang teljing. Dette kan du gjere med feltobservasjonar, automatiske teljarar eller andre metodar.
Besøkstal og type brukarar seier noko om belastninga ferdsla har på eit område. Om du har beitedyr og syklistar på stien, må stien tole meir enn om du har kun gåande.
Du må vurdere kunnskapen om ferdsla opp mot toleevna til naturen der stien går. Er toleevna på eit brestepunktet, bør du sjå på tiltak som reduserer ferdsla til området.
I tillegg bør du undersøke:
NVEs temakart er ein nyttig ressurs når du skal prosjektere og planlegge eit stitiltak.