God skilting og merking gjer at fleire folk kjem seg ut på tur og at dei finn fram til dit dei skal.

Før du startar å merke stien

Skilting og merking av sti eller turveg er tilrettelegging og må gjennomførast med dei same prinsippa som når ein utbetrar ein sti.

Grad av tilrettelegging må vegast mot miljøverdiane, målgruppa og kor mange som bruker stien. Behovet for skilting og merking må vurderast i kvart enkelt tilfelle og skal ikkje overdrivast.

Retningslinjer for skilting og merking

Gjennom samarbeidet om Merkehåndboka har fleire aktørar blitt einige om felles retningslinjer om korleis ein skal skilte, merke og synleggjere turruter.

Miljødirektoratet anbefaler at du følger retningslinjene i skiltmanualen som du finn på merkehandboka.no når du skal skilte og merke ein sti:

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid