Skapar du gode rutinar for tilsyn og vedlikehald, vil levetida for både naturlege stiar og opparbeidde stiar auke. Då motverkar du slitasje og behovet for større tilretteleggingstiltak reduserast.

For å fange opp slitasje, skadar og erosjonsproblem på ein mykje nytta sti, bør du gjere tilsyn fleire gangar i løpet av året.

Du bør prioritere å sjå til stien:

  • under snøsmeltinga og teleløysinga på våren
  • på sommaren, når ferdselstrykket på stien er på det høgaste
  • før snøen legg seg for vinteren
  • etter store nedbørsmengder
  • i førekant av ekstremvêr om mogleg

Få tips til kva du skal sjå etter og gjere på tilsyn her:

Under kan du lese meir om kva du bør gjere på tilsyn.

Kontrollere vatn i stien

Rennande vatn er den største fienden til stien. Vatn eroderer vekk stisporet, og gjer stien lite attraktiv å gå på. Derfor må du gjere tilsyn med stien etter store nedbørsmengder og under snøsmeltinga, og få vatnet ut av stien så fort som mogleg.

Her finn du ulike metodar for å kontrollere vatn:

Om du har eit system for å kontrollere vatnet, må du passe på at stein, lauv, kvist og kvast blir fjerna før dei tettar dreneringssystema. Det er spesielt viktig at alt er reinska før vinteren, slik at han er klar til snøsmeltinga til våren. 

Generelt aukar nedbørsmengda med 8-10 % per 100 høgdemeter. Ligg stien i eit høgalpint nedbørsrikt område, krev det meir tilsyn for å ha kontroll på rennande vatn i stisporet.

Rydd i stien

Hald stien ryddig og plukk opp søppel når du er på tilsyn.

Om det ligg lause steinar eller andre ting i stien, vil folk heilt ubevisst gå utanfor stisporet og etter kvart utvide stien eller lage villstiar. Dette kan du ofte løyse ved å gjere små, usynlege tiltak som gjer stien betre å gå på.

  • Rydd småstein ut av stien.
  • Legg større steinar med den flate sida opp.

Sjå spesielt etter villstiar og snarveger. Kvifor har villstien oppstått her, og kan vi gjere små grep slik at folk veljar rett sti?

Når du har rydda stien, bør du sperre villstiane ved å legge ein stein, ein stokk eller noko anna der stien deler seg.

Hald stien open

Om det stikk ut greinar eller annan vegetasjon langs stien, kan folk bli pressa ut av stisporet. Fjern greinene og pass på at stien ikkje gror igjen.

Blir stien nytta til toppturar på vinteren, kan ein med fordel rydde høgt og fritt, slik at personar med ski på sekken lett kan ta seg fram på stien.

Rydd utsiktspunkt undervegs på stien. Det skapar betre opplevingar og naturlege pausar for brukarane.

Utbetre skadar på stien

Flaum, teleløysing, snøskred og jordskred kan skade stien. Slike skadar bør du reparere så fort som mogleg.

I etterkant av ekstremvêr må du synfare stiane med tilhøyrande infrastruktur for å avdekke eventuelle skadar, og du må rydde stien for vegetasjon og vindfall. 

OBS: Fjerning av nedfall av stor skog over sti skal utførast av fagfolk innan skogbruk. Stor skog som ligg over ein sti har kraftige spenningar og kan vere livsfarleg.

Om bruken og slitasjen på stien er så stor at det ikkje er nok med vanlig vedlikehald, bør du starte eit stiprosjekt.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid