Her finn du råd om korleis du skal ta vare på den stien du har, ulike tilretteleggingsmetodar og korleis gjennomføre eit stiprosjekt.

Stiskulen bygger på Statens naturoppsyn sine erfaringar med tilretteleggingstiltak, blant anna i verneområde. 

Rett sti på rett plass

Ein sti skal vareta naturverdiane, landskapet og dei som bruker stien. Stien må òg tole dei påkjenningene som klimaendringane gir, med blant anna auka nedbør.

Hovudregelen er at du skal ta vare på den stien du har. Med jamleg tilsyn og vedlikehald kan du førebygge slitasje på stien:

Ein skal ikkje gjere meir tilrettelegging på stien enn nødvendig. Om du skal gjere større tiltak for å reparere ein sti, må du først gjere ein del forarbeid. Det gjer du gjennom eit stiprosjekt.

Her finn du vegleiing i ulike teknikkar som kan hjelpe deg med å bygge opp stisporet, kanalisere ferdsla og få kontroll på vatnet: