Gangbaner av tre kan lagast av parallelle og langsgåande, grove plankar eller av toppbord som ligg på tvers av lengderetninga.

Rett lagt har gangbaner høg kanaliseringseffekt, og er godt eigna til både vandring og sykling. Dei er best eigna i flatt terreng.

Gangbaner er ei relativt rimeleg form for tilrettelegging. Dei er enkle å legge ut, og er òg enkle å fjerne om det blir nødvendig. Rett lagt gir gangbaner skånskomme inngrep i naturen.

For å byggje ei gangbane i tre, bør du ha:

  • motorsag
  • øks
  • vinsj
  • batteridrill
  • sag
  • hammar
  • festemateriell

I tillegg treng du kanskje spett, slegge, spade, grafse til grunnarbeidet. Som festemateriell er det mest vanleg å bruke skruar eller spiker av god kvalitet og kraftige dimensjonar. Ein kan òg bruke bindhakar/haldhaker av jern eller trepluggar.

Slik byggar du gangbaner av tre:

Før du startar

For å lykkes med ei gangbane, må du først vurdere terrenget den skal ligge i.

Er det veldig vått, bør du vurdere om det er mogleg å legge om stien til tørrere områder for å redusere behovet for tilrettelegging.

Gangbaner kan lett bli glatte når det er vått, så de bør ligge mest mogleg vannrett. Ved å bruke uhøvla bord blir gangbana mindre glatt enn ved bruk av høvla bord.

Er det stigning eller kupert terreng, kan tiltak som grussti eller spalta grussti vere betre egna.

Velg matieriale

Bruk grove, helst uhøvla dimensjoner i ei gangbane. Grove dimensjoner og kraftige festemidler gir ei gangbane som er stabil å gå på og som krev mindre vedlikehald.

Planker

Gangbaner av plank er dei mest vanlege i langsgående gangbaner, og trykkimpregnert materiale er mykje brukt. Hugs at impregnert material må behandles som spesialavfall når det samlast innatt.

Du kan også lage gangbaner ved å legge et bærende fundament med mindre tverrgående planker som utgjør sjølve gangbanen.

Tømmer/trestokker

Langsgående gangbaner kan også lages av halvkløvninger av trestokker eller grovt tilskjærete bord av ulike tresorter. Ved å bruke trær som er naturlig impregnert, som furu og lerk, vil gangbanen få ei lengre levetid.

Underliggere

Du må også ha materiale til underlag som leggjast med 2 -2,5 meters avstand. Underliggerne kan være av ulikt material som tre eller stein som ein finn på staden eller som er frakta inn.

Legg ut materialet til gangbanen

Ein stor del av arbeidet med å bygge gangbaner er å transportere ut materiala til der gangbana skal ligge.

Uttransportering må planleggast godt og ein sparar mykje tid dersom ein kan legge ut materiale på den plassen der det skal brukast.

Slik bygger du gangbaner av plankar eller bord

For at ei gangbane skal bli stabil å gå på bør du bruke grove, helst uhøvla dimensjoner. Grove dimensjoner og kraftige festemidler gir ei gangbane som krev mindre vedlikehald.

Gangbaner av plank er dei mest vanlege i langsgående gangbaner, og trykkimpregnert materiale er mykje brukt. Hugs at impregnert material må behandles som spesialavfall når det samlast inn og skal destruerast.

Om du bruker trelast, bør du bruke konstruksjonsvirke med dimensjoner på  2"x 8" (48x223 mm) som leggast to i bredden. Ei gangbane bør være minst 40 cm bred.

Legg ut underliggarane

Start med å legge ut underliggarane (svillar). Avstanden mellom dei må tilpassast terreng og dimensjonen på gangbana, men ein stad mellom 1,5-2,5 meter er vanleg. Underliggarane kan være av same materiale som gangbana, eller av trevirke eller stein som du finner på plassen.

Om du bruker stein, må du sørge for at gangbane ligger stødig.

Lengda på underliggaren er avhengig av bereevna til marka, men bør være på minst 60 -120 cm. Underliggarane må være så høge at gangbana ligg mest mogleg flatt.

Tilpass bredda på gangbanen etter kor stor trafikk stien har. Om det er stor trafikk i begge retningar, eller gangbanen er lang, kan du legge inn utvida møteplassar kor to vaksne personar med sekk kan passere kvarandre.

Fest borda

Bordgangen festast til underliggarane med kraftig skruer eller spiker.

Breidden mellom borda bør ikkje være på meir enn 2 cm om syklistar eller dyr skal bruke stien.

Ved bruk av to bord eller fleire i bredda blir gangbane meir stabil dersom ein ikkje skjøter borda på samme underligger. Dersom borda er så brede at man trenger kun et bord, blir bordgangen meir stabil dersom borda leggjast med overlapp i skøytane.

For at gangbanen skal gli godt inn i terrenget, bør ikkje dei rette strekka vere lengre enn 10-15 meter. Gangbanen bør følge terrenget og vegetasjonen rundt gangbanen.

Du kan òg bygge gangbaner ved å legge planker eller bord 90 grader på tvers av gangbanen:

Start med å å legge ut et bjelkelag av konstruksjonsvirke på minst 2" x 6" (48X173mm), eventuelt tømmerstokkar.

Bjelkelaget forankrast i grunnen eller på underliggarar og festes med kraftige skruer. Bruker du terrassebord med dimensjon 28X120mm som toppbord kan ikkje avstanden mellom bjelken være på over 60 cm. Toppborda festes med kraftige skruer.

Denne typen gangbaner er meir tidkrevjande å legge enn langsgåande gangbaner, ettersom det er mykje kapping av materialar og skuring av toppborda. Mykje av kappinga kan gjerast på førehand.

Eit tverrgåande toppdekke gjer det enkelt å reparere eit og eit bord som blir øydelagt. Det er også litt enklare å ta litt høgde i terreng ved å legge inn trappetrinn i disse gangbanene. 

Slik bygger du gangbaner med tømmerstokkar

Gangbaner kan også lages av halvklovningar av trestokkar eller grovt tilskorne bord av ulike tresortar. Dette gir stabile og solide gangbaner med god haldbarheit.

Ved å bruke trær som er naturlig impregnert, som furu og lerk, vil gangbanen få ei lengre levetid. Ikkje bruk dei gamle malmfuruene til dette føremålet.

Disse gangbanene brygges på same måte som andre gangbaner, men dimensjonen gir tunge løft og man må planlegge utlegginga av dei ekstra godt.

Ved bruk av halvklovingar eller grovt tilskorne bord må ein bruke kraftige festemidlar som bindhaker.

Vedlikehald

Gangbanene krever jevnlig tilsyn og bør etterses årlig. Gangbanen bør justeres dersom deler har kommet ut av posisjon. Alt av festemateriell må sjekkes og etterstrammes. Skift ut underliggarar eller gangbanar ved behov. 

 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid